Tannleger i Førde
I 2009 vart det reist nybygg i Hafstadvegen 37 i Sentrum Sør langs Jølstra der vi etablerte vår tannklinikk på første plan. Før det held vi til i Angedalsvegen 8. Der hadde vi arbeidd sidan November 2000. Tida var då komen for modernisering og i dette nybygget kunne ein då etablere 6 moderne behandlingsrom og eit rom for OPG og CBCT opptak. Mange kjenner oss som Tannlegane Clemens og Sægrov AS
Spesialfelt
Protetikk
Når tenner har fått store fyllingar, er nedslitne eller er rotfylte vil det ofte vere kronebehandling som gjev det beste resultat over tid.
Les meir om protetikkTannkjøttsjukdom
På klinikken gjev vi både behandling og oppfølging av pasientar med tannkjøtsjukdomar. Tannpleiar undersøkjer tennene og stiller diagnose i samråd med spesialist.
Les meir om tannkjøttsjukdomImplantatbehandling
Forundersøking er viktig når pasienten skal få tannimplantat. Det same gjeld ved infeksjonar i kjevebeinet og når relasjon til nervar, bihole eller andre anatomiske strukturar krev tredimensjonale opptak.
Les meir om ImplantatbehandlingKontakt oss
Send inn skjemaet nedanfor, så tek vi kontakt med deg innan 24 timar.