Forundersøking er viktig når pasienten skal få tannimplantat. Det same gjeld ved infeksjonar i kjevebeinet og når relasjon til nervar, bihole eller andre anatomiske strukturar krev tredimensjonale opptak. Målet er å stille rett diagnose og kome fram til rett behandlingsplan.
For å oppnå varige og stabile forhold rundt implantat er det viktig at ein ikkje har infeksjonar i kjevebein, rundt tenner eller i tannkjøt. Røyk er ein ugunstig faktor som påverkar læking og aukar fare for beintap rundt implantat og tenner. Klinisk forsking viser at både tannkjøtsjukdom og røyk aukar risikoen, og det er difor viktig med tannsett fri for infeksjonar. Røyk bør reduserast til eit minimum eller helst avsluttast for at prognose til implantat vert best mogeleg.
CBCT
CBCT står for «Cone Beam Computed Tomography» og er ein variant av medisinsk CT for undersøking av kjeve og tenner. Ein får nøyaktig informasjon om anatomi og patologi/sjukdom i alle plan. Klinikken har hatt slikt utstyr sidan 2013.
OPTISK SCANNING
Optisk scanning av kjeve i kombinasjon med CBCT brukast så i mange tilfelle for å framstille skinne som gjer det mogleg med optimal plassering av implantat i kjevebeinet . Dette er spesielt viktig i tilfelle med vanskelege beinforhold som smal eller kort kjevekam. Då må plassering gjerast svært nøyaktig. Med god plassering av implantat får ein samtidig optimaliserte forhold for framstilling av tennene som skal koplast til implantata. Slikt utstyr har vi på klinikken. Skinne vert også produsert på klinikken eller i Tyskland. Vi sender då ei fil som viser planlagde implantat og korleis denne skinne skal lagast.
Informasjon om implantatbehandling får du ved konsultasjon på klinikken. Du kan også lese meir på http://nordic.straumann.com/no/patients.html.
På klinikken utfører vi alle steg i denne prosessen, frå manglande tann til ferdig tannimplantat. Det kan vere eitt enkelt implantat eller 6-8 implantat som erstattar tapte tenner i ein heil kjeve med faste tenner. Det finnest også mellomløysingar som forankrar ei protese i 2-4 implantat ved vanskeleg beinforhold, eller fordi ein ønskjer eit rimelegare alternativ.
Med spesialisering i periodonti har vi også spesialkompetanse for å identifisere tidlege komplikasjonar som beintap rundt implantata og å utføre tiltak for å få komplikasjonar under kontroll.