Enkelt implantat
En enkelt tann kan erstattes ved hjelp av implantat. Dette er en prosess som strekker seg over flere tannlegebesøk.
Finn ut merKva er eit implantat?
Tannimplantat vert nytta til å erstatte manglande tenner. Desse vert operert inn i kjevebeinet. Når beinet har grodd rundt implantata, lagar ein sjølve tannerstatninga. Behandlinga er ein prosess som strekk seg over fleire tannlegebesøk og krev grundige forundersøkelsar og nøye planlegging. Moderne implantatbehandling er ei sikker og trygg behandling med god prognose og
haldbarheit.
![]() fig I |
![]() fig II |
![]() fig III |
![]() fig IV |
Behandlinga steg for steg:
1. Innsetjing av implantat (fikstur) (fig. I-II). Operasjonen vert utført under lokalbedøvelse. Etter inngrepet vil ein motta meir utfyllande informasjon. Slik veit ein korleis ein skal forholde seg i tida etter operasjonen.
2. Læking. Det tek vanlegvis 8-12 veker før ein kan belaste implantata. Det tek normalt kortare tid for underkjeven å lækje enn overkjeven.
3. Framstilling og montering av krona (fig. III-V). Det er ein tannteknikar som lagar sjølvekrona. Krona vert vanlegvis festa til implantatet med ei skrue, slik at den seinare kan takast av ved behov. Dette krev vanlegvis 2 eller fleire tannlegebesøk.
Kva kostar implantatbehandling?
Implantatbehandling er ei omfattande og kostbar behandling. Ein bør difor motta eit skriftleg kostnadsoverslag før ein startar behandlinga.
Kven kan få implantat?
Dei aller fleste kan få sett inn implantat, og høg alder er i seg sjølv inga hindring. Det er likevel naudsynt med ei grundig forundersøking før ein set i gong med behandlinga. Ein tek røntgenbilete for å vurdere høgda, breidda og kvaliteten til kjevekammen. Munnhola må vere fri for infeksjonar ogtannlosningssjukdom (periodontitt).
I dei tilfella der det ikkje er nok attverande kjevebein til å setje inn implantat, finst det metodar for å bygge kjeven opp att. Når dette er naudsynt vert behandlingstida forlenga med 4-6 månadar. Ikkje alle kan behandlast på denne måten, og kvar enkelt pasient vert difor vurdert ved behov for dette.
Storrøykarar bør ikkje få implantat.
Viktig informasjon etter implantatbehandling
Generell helse
Me ynskjer å gjere inngrepet så trygt som mogleg. Det er difor viktig at me har oppdaterte helseopplysningar. Ver venleg å gje beskjed om:
For å få best mulig prognose må ein:
En enkelt tann kan erstattes ved hjelp av implantat. Dette er en prosess som strekker seg over flere tannlegebesøk.
Finn ut merModerne implantatbehandling er en sikker og trygg behandling med god prognose. Les mer om prosessen.
Finn ut merHer finner du informasjon om tannerstatning av alle tenner i en kjeve og en forklaring av behandlingen trinn for trinn.
Finn ut merI tilfeller der alle tennene i underkjeven mangler er det mulig å operere inn to implantater som feste for en helprotese.
Finn ut merNyttig informasjon til deg som har eller skal gjennomgå en behandling for tannimplantater i større eller mindre omfang.
Finn ut mer