Send epost
57 82 00 20
Hjem
Priser
Om oss
Personvern
Spesialfelt
Protetikk
Tannkjøttsjukdom
Implantatbehandling
Tannhelseinfo
Undersøking hjå tannlegen
Undersøkelse hjå tannlegen
Sjukdom i munnhola
Er det dyrt å gå til tannlegen?
Helfo - Stønad til tannbehandling
Hol i tennene
Karies – hol i tennene
Fyllingsterapi
Innlegg
Trinnvis ekskavering
Fissurforsegling
Estetisk tannbehandling
Puss og poléring
Tannbleking
Utskifting av synlege fyllingar
Fasett
Estetisk kroneterapi
Krone / bru
Krone
Bru
Stift / Krone
Implantat
Enkelt implantat
Implantat bru
Implantat helkjeve
Implantatforankra heilprotese
Informasjon etter operasjon
Proteser
Heilprotese
Delprotese
Rotfyllinger
Rotfylling
Betennelse i nerven
Reinfisert rotfylling
Rotspissamputasjon
Tannkjøttsbehandling
Gingivitt
Periodontitt
Kva er tannstein?
Tanntrekking / kirurgi
Informasjon før behandling
Informasjon etter behandling
Vanlige problemer
Visdomstenner
Ising / børsteskadar
Syreskader
Tanngnissing
Tannfraktur
Infraksjonar
Reinhald av tennene
Dårleg ånde
Munntørrhet
Kjeveleddsproblemer
Herpes munnsår
After
Røyking
Snus
Amalgam
Snorkeskinne
Tenner og graviditet
Barn og tannbehandling
Første møte med tannhelsetenesta
Born og munnstell
Tannframbrot
Traume mot tenner
Tannregulering
Tannstillingsfeil
Tannregulering
Retinert hjørnetann
Oppgåvene til tannpleiaren
Tannlegeskrekk
Tannlegeskrekk
Roande medikament
Lystgass
Narkose
Kontakt oss
Feriestenging
MENY
Hjem
Priser
Om oss
Personvern
Spesialfelt
Protetikk
Tannkjøttsjukdom
Implantatbehandling
Tannhelseinfo
Undersøking hjå tannlegen
Undersøkelse hjå tannlegen
Sjukdom i munnhola
Er det dyrt å gå til tannlegen?
Helfo - Stønad til tannbehandling
Hol i tennene
Karies – hol i tennene
Fyllingsterapi
Innlegg
Trinnvis ekskavering
Fissurforsegling
Estetisk tannbehandling
Puss og poléring
Tannbleking
Utskifting av synlege fyllingar
Fasett
Estetisk kroneterapi
Krone / bru
Krone
Bru
Stift / Krone
Implantat
Enkelt implantat
Implantat bru
Implantat helkjeve
Implantatforankra heilprotese
Informasjon etter operasjon
Proteser
Heilprotese
Delprotese
Rotfyllinger
Rotfylling
Betennelse i nerven
Reinfisert rotfylling
Rotspissamputasjon
Tannkjøttsbehandling
Gingivitt
Periodontitt
Kva er tannstein?
Tanntrekking / kirurgi
Informasjon før behandling
Informasjon etter behandling
Vanlige problemer
Visdomstenner
Ising / børsteskadar
Syreskader
Tanngnissing
Tannfraktur
Infraksjonar
Reinhald av tennene
Dårleg ånde
Munntørrhet
Kjeveleddsproblemer
Herpes munnsår
After
Røyking
Snus
Amalgam
Snorkeskinne
Tenner og graviditet
Barn og tannbehandling
Første møte med tannhelsetenesta
Born og munnstell
Tannframbrot
Traume mot tenner
Tannregulering
Tannstillingsfeil
Tannregulering
Retinert hjørnetann
Oppgåvene til tannpleiaren
Tannlegeskrekk
Tannlegeskrekk
Roande medikament
Lystgass
Narkose
Kontakt oss
Feriestenging
Send epost
57 82 00 20
Se priser
Lukk priser
Bestill time
Lukk skjema
Fyll ut skjema og bestill time
Fyll gyldige detaljer og prøv igjen ...!
Melding:
Undersøking hjå tannlegen
Hol i tennene
Estetisk tannbehandling
Krone / bru
Implantat
Proteser
Rotfyllinger
Tannkjøttsbehandling
Tanntrekking / kirurgi
Vanlige problemer
Visdomstenner
Ising / børsteskadar
Syreskader
Tanngnissing
Tannfraktur
Infraksjonar
Reinhald av tennene
Dårleg ånde
Munntørrhet
Kjeveleddsproblemer
Herpes munnsår
After
Røyking
Snus
Amalgam
Snorkeskinne
Tenner og graviditet
Barn og tannbehandling
Tannregulering
Oppgåvene til tannpleiaren
Tannlegeskrekk
Hjem
/
Tannhelseinfo
/
Vanlige problemer
/
Røyking
Røyking - Tannlege Førde
EMALJE TANNKLINIKK
Det herskar liten tvil om at røyking er helseskadeleg. Dess meir ein røyker, dess større kan konsekvensane verte. Røyking kan føre til alvorlege sjukdomar som lungekreft, kreft i munnhola, kols og hjarte- og karsjukdomar. I tillegg finst ei rekkje mindre alvorlege helseplager som òg kan relaterast til røyking. Ein kan til dømes nemne nedsett fruktbarheit, redusert lukt- og smaksoppleving, nedsett lungekapasitet og dårleg ande.
Tennene kan òg verte påverka av røyking. Det mest synlege er ofte misfargingar som set seg på tennene og i fyllingskantar, og gjev eit skjemmande smil. Vidare er om lag ti prosent av den vaksne befolkninga i Noreg disponert for å utvikle alvorleg periodontitt. Dette er ein betennelsestilstand som gjer at kjevebeinet kring tennene vert brote ned, slik at tenner losnar og dett ut. Hjå røykarar vil utviklinga av periodontitt gå raskare, og tilstanden vil vere vanskelegare å behandle enn hjå ikkje- røykarar.
Slutte å røyke
Det finst mange gode grunnar for å slutte å røyke. Mange opplever likevel at det er svært vanskeleg å få det til. Noko av det viktigaste for å lukkast er å vere godt motivert. Ein må difor hugse på at røykeslutt raskt gjev redusert risiko for sjukdomsutvikling.
Mange som sluttar å røyke, klarer dette på eiga hand. Oftast må ein gjere fleire forsøk, men sannsynet for å lukkast aukar for kvar gong. Difor gjeld det å ikkje gje opp.
Nokre vil trenge hjelp og støtte for å det til. Hovudprinsippa vil i desse tilfella vere rettleiing kombinert med medikamentell behandling.
Fastlegen, tannhelsepersonell og heimesida
www.slutta.no
vil kunne gje gode råd og rettleiing ved røykeslutt. Dette kan ein kombinere med nikotinplaster, nikotintyggjegummi eller reseptbelagde medikament for best mogleg verknad. Slike medikament dempar abstinensplager og gjer at overgangen til eit røykfritt liv går lettare.
6 råd ved røykeslutt
Planlegg røykeslutten. Finn motivasjon til å slutte, og bestem ein sluttdato.
Trapp ned røykinga først. Dette kan gjere overgangen til røykeslutt lettare.
Når du sluttar – slutt heilt! Det er òg viktig å ha ein plan for kva du skal gjere når
røyksuget kjem.
Nytt deg av hjelpemiddel som minskar abstinensane (t.d. nikotinplaster). Dette aukar sannsynet for å lukkast.
Oppsøk hjelp viss du ikkje klarer å slutte på eiga hand. Både røykesluttkurs og program for røykeslutt på nett kan vere til stor hjelp. Sjekk òg ut appen Slutta. Dette er ein gratis app som kan gjere det lettare å slutte med røyk eller snus.
Mange vil oppleve vektauke etter røykeslutt. Pass difor på kosthaldet, og forsøk å trene regelmessig i denne perioden.