loader

Fyll ut skjema og bestill time

Visdomstenner - Tannlege - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Vanskar med reinhald
Visdomstennene er dei tennene som bryt fram sist, vanlegvis når ein er 18–24 år. Sidan dei er plasserte lengst bak i kvar kjeve, er det ikkje alltid at dei har god nok plass til å kome heilt ut. Visdomstenner som på denne måten er delvis dekte med tannkjøt, kan vere vanskelege å halde reine.

Plakk og matrestar kan då leggje seg inn under tannkjøtet og resultere i plagsame betennelsar kring tanna (fig. I). Typiske teikn på slike betennelsar er smerter, hevelse i tannkjøtet kring den delvis frambrotne tanna og vanskar med å gape. Det kan òg kome vond lukt eller smak frå området på grunn av bakterieinfeksjonen.

Viss ein har slike plager relatert til ei visdomstann, kan tannlegen skylje bort bakteriane og på denne måten løyse problemet mellombels (fig. II–III). Tidvis er det i tillegg naudsynt med antibiotika for å roe ned infeksjonen. Visdomstenner som er disponerte for denne typen problem, bør fjernast.






Figur I
Figur II
Figur III

Hol i tennene
Eit anna vanleg problem med visdomstenner er karies (hol i tennene). Vanskar med reinhald kan over tid gjere at det vert utvikla hol i sjølve visdomstanna (fig. IV), eller i tanna framom (fig. V).


 
Figur IV
  Figur V

Ei visdomstann med hol kan ofte verte reparert med ei fylling, men i mange tilfelle kan det vere fornuftig å få tanna fjerna.

Fjerning av ei visdomstann
Ei visdomstann som er heilt frambroten, kan ofte verte fjerna med vanleg tanntrekking. Dersom røtene er kompliserte eller tanna ikkje er broten heilt fram, kan det vere naudsynt med ein operasjon for å få den ut. I begge tilfelle skjer inngrepet med lokalbedøving. Sjå temaet «Tanntrekking/kirurgi» for meir informasjon om fjerning av visdomstenner.
loader