loader

Fyll ut skjema og bestill time

Bro - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Kva er ei bru?
Ei bru er ei tannrestaurering ein kan nytte til å erstatte éi eller fleire tenner.

Framstilling av ei bru
Dersom éi eller fleire tenner manglar (fig. I), kan ein i nokre tilfelle erstatte desse ved hjelp av ei bru. Tannlegen sliper og formar til nabotennene, som skal fungere som feste for brua (fig. II). Så tek ein eit avtrykk, før dei slipte tennene vert dekte med ei provisorisk bru. Etter éi til tre veker er den permanente brua ferdig og kan verte sementert fast på tennene (fig. III og IV). Fargen og fasongen til
brua er tilpassa dei andre tennene, og difor vert resultatet fint (fig. V).








  
figur I
figur II
figur III
figur IV  
figur V 

Prosessen med å lage ei bru er krevjande og teknisk vanskeleg både for tannlegen og tannteknikaren.

Kva er brua laga av?
Det finst fleire ulike typar bruer, og desse har forskjellige eigenskapar når det gjeld styrke og estetikk. Dei to vanlegaste typane er heilkeramiske bruer (reine porselensbruer) og bruer med ein kjerne av metall med porselen (keramisk materiale) brent utanpå.

Kor lenge varer ei bru?
Det er meininga at ei bru skal vare i mange år. Likevel er det ein del høve som kan korte ned levetida til brua:

Brot på porselenet: Når ein tygg, vert brua utsett for store krefter. Uheldige belastingar kan over tid føre til at bitar av porselenet knekk av. Dette har normalt inga praktisk betyding og kan i nokre tilfelle verte reparert. Dersom funksjonen eller estetikken vert vesentleg svekt, kan det vere naudsynt å lage ei ny bru.

Karies: Det kan ikkje verte hol i sjølve brua. Derimot kan det kome hol i tanna nedanfor brua. Vanlegvis kan slike hol reparerast med ei fylling, men om holet er stort, kan brua losne eller festetennene knekke. Då vil det kanskje vere naudsynt med ny behandling.

Tannsmerter/rotfylling: Ein del tenner med djupe hol og store fyllingar kan etter kvart få redusert blodsirkulasjon i nerven. Difor er desse meir utsette for betennelse og infeksjonar, som kan føre til tannsmerter. Dette gjeld òg tenner som er slipte og påsette ei bru. For å rotfylle ei festetann i ei bru må ein bore ei opning gjennom brua og inn til nerven. Opninga vert tetta med ei fylling etter at tanna er ferdig rotfylt.



Slik tek du best mogleg vare på brua:

1. Bruk tannbørste nøye, men skånsamt i tannkjøtkanten slik at tannkjøtet ikkje vert skada og trekkjer seg attende. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor tannbørsten når busta begynner å sprike.



2. Hald grundig reint mellom tennene. Bruk tannstikkarar, tanntråd/superfloss eller
mellomromsbørstar mellom tennene i brua. Mellomromsbørstar kjem i ulike storleikar og
vert nytta på tilsvarande måte som tannstikkarar. Tannlegen eller tannpleiaren kan finne ut kva for ein storleik du bør bruke.



3. Skyl regelmessig med fluor for å unngå karies i kanten av brua. Fluor styrkjer tennene og er difor viktig for å førebyggje karies.
  • Biletet viser ei manglande tann i overkjeven. Nabotennene har fyllingar, og tilfellet eignar seg difor
    godt for brubehandling.

  • Biletet viser at den ferdige brua er sementert på plass. Form og farge passar godt med
    nabotennene.

  • Biletet viser ei manglande tann i overkjeven. Nabotennene har fyllingar og slitasje, og tilfellet
    eignar seg difor godt for brubehandling.

  • Festetennene vert slipte og klargjorde for brua.

  • Biletet viser at brua er sementert fast og klar til bruk.

loader