loader

Fyll ut skjema og bestill time

Stift / Krone - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Rotfylte tenner som knekk kan ofte byggjast opp att. Dersom det er lite tannsubstans igjen (fig. I), må det fyrst monterast ein stift i den rotfylte tanna. Stiften sin funksjon er å forankre oppbygningen til tanna.


figur I

Framstilling av glasfiberstift og krone
Før stiften kan monterast, må ein kontrollere rotfyllinga i tanna. Om rotfyllinga ikkje lenger held mål, bør den gjerast om att før ein set på plass stiften.

Dersom rotfyllinga vert vurdert til å vere tett og av god kvalitet, kan ein gå i gang med å fjerne ein del av rotfyllingsmassen for å gjere plass til stiften (fig. II). Deretter kan stiften festast med ein eigna sement (fig. III). Rundt stiften byggjer ein so opp ein masse (konus) som ein sliper og formar til (fig. IV). No kan ein ta avtrykk av den tanna som er slipt til, sende dette til ein tannteknikar og få den ferdige krona tilbake klar for sementering (fig. V og VI). Heile prosessen tek vanlegvis 1 til 2 veker.










figur II  
figur III 
figur IV 
figur V 
figur VI  

Framstilling av støypt stiftkonus og krone
Eit alternativ er å nytte ein støypt stiftkonus som vert framstilt av ein tannteknikar. Stiftkonusen sementerast i rota før ein lager den nye krona. Dette er ofte ei tidkrevjande behandling som krev fleire tannlegebesøk.

    

Å restaurere ei tann ved hjelp av stift og krone er tidkrevjande og kostbar behandling. Du vil difor kunne få eit kostnadsoverslag før ein set i gong med behandlinga.

Framstilling av glasfiberstift og fylling

Eit rimelegare alternativ vil vere å byggje opp tanna med ei fylling av kompositt (plast). Fyllinga vert forma til og bygd opp rundt stiften. Dette vert normalt rekna som ei svakare løysing, med dårlegare estetikk samanlikna med ei krone.

    

Ein vel gjerne glasfiberstift dersom det er lett å halde arbeidsområdet fritt for spytt og blod. Under meir krevjande arbeidsforhold er støypt stift førstevalget. Tannlegen vil kunne informere om kva for eit alternativ som er mogleg i kvart enkelt tilfelle.

Moglege komplikasjonar
Behandling med stift og krone (eller fylling) er i dei fleste tilfelle god og trygg behandling. Ver likevel merksam på følgjande:

  • Krevjande anatomiske forhold (trong eller bøygd rotkanal) kan gjere at ein kjem skeivt ut og borer seg gjennom rotveggen og inn i festevevet til tanna. I slike tilfelle må tanna som regel trekkjast.

  • Ei tann som er rotfylt og har stift og krone, vil aldri vere like sterk som ei frisk tann. Ved tygging kan belastninga på stiften verte stor og stiften/tanna kan knekke.

  • Ei rotfylt tann med stift vil alltid vere meir utsett for at det utviklar seg sprekk i rota. Dette kan i verste fall før til at tanna må trekkjast.

  • Sjølv om rotfyllinga tilsynelatande er av god kvalitet når stiften vert montert, kan det likevel ha kome bakteriar ned langs den gamle rotfyllinga. Dette kan vise seg på eit seinare tidspunkt ved at tanna vert øm å tyggje på. Dette skuldast bakteriar som lagar ein infeksjon i kjevebeinet kring rotspissen.

  • Det kan òg bli hol i ei rotfylt tann som har stift og krone. Det svake punktet er
    overgangen mellom tanna og kronekanten. Det er difor viktig å vere nøye med
    reinhaldet i dette området.
loader