loader

Fyll ut skjema og bestill time

Narkose

Narkose er eit tilbod til dei som ikkje klarar å gjennomføre tannbehandlinga på annan måte. Du som pasient vil då sove gjennom heile operasjonen/tannbehandlinga. Behandlinga vil vere smertefri, og vert gjennomført i eit samarbeid mellom anestesilege/anestesisjukepleiar og tannlege.

Kostnadar i samband med narkose
Tannbehandling i narkose er kostbart. I tillegg til kostnadar ved tannbehandling må ein òg dekke kostnadar og lønn til anestesipersonellet. Ein vil difor få eit kostnadsoverslag i forkant av behandlinga. 

Verknaden til medikamentet
Under tannbehandling er det mest vanleg å nytte intravenøs narkose. Det vil seie at medisinar sprøytast direkte inn i blodet. Dette gjer ein gjennom eit tynt plastrøyr som vert lagt inn i ei blodåre på håndbaken. Det vert og nytta ein kombinasjon av medisiner for å oppnå både smertelindring, og samstundes ei roleg og djup søvn.

Pasientar som er engstelege for smerter ved å få intravenøs narkose, kan benytte eit såkalla Emla-plaster. Dette er eit bedøvande plaster som vert festa på håndbaken ein time før ein skal til behandling.

Når ein er i narkose vil ikkje kroppen puste som normalt. Eit plastrøyr vert difor lagt ned i halsen, og ei maskin sørgjer for at pasienten heile tida får nok oksygen. Anestesipersonell vil heile tida passe på, og sørgje for ei trygg behandling.

Med moderne anestesi er førekomstar av alvorlege komplikasjonar svært låg. Den generelle helsa til pasienten vert tatt i betraktning når ein skal vurdere narkose som eit alternativ.

Førebuing til narkose
Operasjonsdagen kan ein dusje, vaske håret og pusse tennene. Neglelakk må fjernast og ein anbefalar å ikkje påføre seg sminke. Alle formar for ringar, smykker, klokker og piercingar må takast vekk før ein møter til behandling. Når det gjeld klede skal ein bruke mjuke, lette plagg som sit laust på kroppen.

Ein skal vanlegvis ta faste medisinar, dette gjeld òg på morgonen den dagen ein skal i narkose. Gje beskjed til behandlande tannlege om kva for nokre medisinar som vert nytta, slik at ein i fellesskap kan leggje ein plan for dette.


Faste før behandling
Ved tannbehandling i narkose er det ønskeleg at magesekken er tom. Dette er for å unngå oppkast av mat eller væske, som kan kome over i lungene. Det er difor viktig å følgje desse råda:

  • Etter kl. 24 om kvelden før behandlinga skal ikkje pasienten innta fast føde eller
    mjølkeprodukt.

  • Ein kan innta klare væsker inntil 2 timar før inngrepet. Dette kan vere vatn, saft, brus ellerjuice utan fruktkjøt. For å unngå lågt blodsukker, kan ein med fordel drikke litt sukkerhaldigjuice inntil 2 timar før behandlinga.

  • Etter dei to siste timane før behandlinga, skal ein ikkje innta noko som helst. Dette gjeld òg alle formar for tyggjegummi, sukkertøy, snus og tobakk.


Generell helse

Me ynskjer å gjere behandlinga så trygg som mogleg. Det er difor viktig at me har oppdaterte helseopplysningar. Ver venleg å gje beskjed om:

  • Sjukdommar
  • Medisinbruk
  • Unormal blødningstendens
  • Allergiar
  • Tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling
  • Graviditet
Helseskjema skal vere oppdatert og fylt ut i forkant av behandlinga.

Dersom pasienten får feber, forkjøling eller sjukdom i perioden før planlagt tannbehandling, må ein kontakte tannlegen straks og informere om dette.

Viktig etter behandlinga
Etter at tannbehandlinga er gjennomført, blir pasienten vekt opp frå narkosen. Etter ein periode med observasjon/overvåking er pasienten klar til å reise heim. Ein må følgje desse råda:

  • Unngå å køyre bil same dag.
  • Pasienten skal ha følgje heim av ein annan vaksen person
Ta gjerne kontakt ved spørsmål.
loader