loader

Fyll ut skjema og bestill time

Implantat helprotese

Hva er et implantat?

Kva er eit implantat?
Tannimplantat vert nytta til å erstatte manglande tenner. Desse vert operert inn i kjevebeinet. Når beinet har grodd kring implantata, vert sjølve tannerstatninga laga. I dei tilfella der alle tennene i underkjeven manglar, er det mogleg å operere inn to implantat som fungerer som feste for ei heilprotese. Behandlinga er ein prosess som strekk seg over fleire tannlegebesøk og krev grundige forundersøkelsar og nøye planlegging. Moderne implantatbehandling er ei sikker og trygg behandling
med god prognose og haldbarheit.

Behandlinga steg for steg
    
fig. I fig. II fig. III fig. IV 

  1. Innsetjing av 2 implantat (fig. I-II). Operasjonen vert utført under lokalbedøving. Etter inngrepet vil ein motta meir utfyllande informasjon. Slik veit ein korleis ein skalforholde seg i tida etter operasjonen.

  2. Læking. Det tek vanlegvis 8-12 veker før implantata har festa seg.

  3. Montering av locatorfesta. Locatorfesta vert montert som ei forlenging av implantata og fungerer som trykknappfeste til protesen.

  4. Framstilling og montering av protesen (fig. III-IV). I nokre tilfelle kan den eksisterande protesen tilpassast til locatorfesta. Dersom dette ikkje er mogleg, må det lagast ei heilt ny protese. Den ferdige protesen kan “klikkast” ned på festa og sit difor mykje meir stabilt enn ei vanleg heilprotese.
Kva kostar implantatbehandling?
Implantatbehandling er normalt ei omfattande og kostbar behandling. I mange tilfelle vil ein kunne utføre behandling med stønad frå HELFO. Det vil seie at ein betaler ein eigenandel. Den utførande spesialisten kan avgjere om du har rett på stønad frå HELFO. I alle tilfelle kan ein motta eit skriftleg kostnadsoverslag før behandlinga startar.

Kven kan få implantat?
Dei aller fleste kan få sett inn implantat, og høg alder er i seg sjølv inga hindring. Det er likevel naudsynt med ei grundig forundersøking før ein set i gong med behandlinga. Ein tek røntgenbilete for å vurdere høgda, breidda og kvaliteten til kjevekammen. Munnhola må vere fri for infeksjonar og tannlosningssjukdom (periodontitt).

I dei tilfella der det ikkje er nok attverande kjevebein til å setje inn implantat, finst det metodar for å bygge kjeven opp att. Når dette er naudsynt vert behandlingstida forlenga med 4-6 månadar. Ikkje alle kan behandlast på denne måten, og kvar enkelt pasient vert difor vurdert ved behov for dette.


Viktig informasjon etter implantatbehandling
  • Den første tida etter innsetting av implantatet vil ein kunne oppleve hevelse og blåmerker i andletet. Ein kan òg føle seg nomen i operasjonsområdet, men dette er med svært få unntak forbigåande..

  • Ein sjeldan gong kan ein oppleve at eit eller fleire implantat ikkje vil feste seg i kjeven, sjølv etter lækjeperioden på 8-12 veker.

  • Nokre er disponerte for å få tannlosningssjukdom (periodontitt) som får tennene til å losne. Det kan òg kome nedbrytning av kjevebein kring implantat, og det vert då kalla peri-implantitt. Dette kan ein ofte behandle, men i verste fall må implantatet fjernast. Det er difor minst like viktig å vere nøye med reinhald av implantatarbeidet som med eigne tenner.

  • Tannerstatninga vert dagleg utsett for mekanisk påverknad og vil etter kvart slitast i større eller mindre grad. Erstatninga vil òg kunne verte utsett for skadar, t.d. brot, på same måte som naturlege tenner. Det er difor viktig å vere klar over at det i framtida vil vere behov for- og kostnadar med vedlikehald på same måte som for naturlege tenner.


Generell helse

Me ynskjer å gjere inngrepet så trygt som mogleg. Det er difor viktig at me har oppdaterte helseopplysningar. Ver venleg å gje beskjed om:

  • Medisinbruk

  • Sjukdommar

  • Røykevanar

  • Allergiar

  • Unormal blødningstendens

  • Tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling

  • Graviditet

  • Angst for tannbehandling

For å få best mogleg prognose må du:
  • Ha munnhola fri for infeksjonar og periodontitt før ein starter behandlinga.

  • Ikkje røyke.

  • Vere grundig med reinhaldet kring implantata. Hugs at kravet til munnhygiene og
    regelmessig kontroll hos tannlege er det same som for naturlege tenner.
  • Biletet viser ein tannlaus underkjeve. Kjevekammen er tynn og gjev lite retensjon og stabilitet for ein heilprotese.

  • Det er operert inn 2 fiksturar med locatorfeste. Desse festa vil fungere som retensjon for heilprotesen.

  • Biletet viser protesen på plass i munnen. Festa gjev eit lite «klikk» når protesen vert
    sett på plass. Ei slik løysing vil fungere mykje betre enn ein heilprotese både med tanke på snakking
    og eting..

loader