loader

Fyll ut skjema og bestill time

Tanngnissing - Tannlege - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Tanngnissing er eit relativt vanleg problem. Ein reknar med at om lag 5 prosent av den vaksne befolkninga i periodar er plaga med denne tilstanden. Dei fleste gnissar tenner om natta mens dei søv og er difor ikkje klar over problemet sjølv. Andre kan gnisse tenner på dagtid, til dømes når dei konsentrerer seg.

Teikn på tanngnissing:
Om ein over lengre tid har vore plaga med tanngnissing, vil ein kunne sjå dette på tennene. Tennene slitast og får rette kantar. Ein kan òg slite seg gjennom det ytste laget på tanna (emaljen) slik at tannbeinet (dentinet) vert synleg. Dette kan føre til at tennene vert meir ømfintlege og følsame i det daglege.


   
   
   
  
Tanngnissing/-pressing kan òg føre til slitasje på fyllingar, samt bidra til utvikling av sprekkdanningar i tennene.

Dei som gnissar tenner om natta kan vakne med ømheit i kjevemuskulaturen. Dette kan lett breie seg vidare til nakke, skuldrer og tinningar og på denne måten bidra til utvikling av spenningshovudverk..
 

Til sist vil tanngnissing kunne verka forstyrrande på nattesøvnen for ein sjølv so vel som for partnaren. Lyden av tanngnissing hjå enkelte kan vere svært høg.


Behandling av tanngnissing:

Ofte vil tanngnissing finne stad i periodar med psykisk stress. Det kan til dømes dreie seg om travle eksamensperiodar eller ein vanskeleg jobb- eller familiesituasjon. Det kan difor vere ein fordel å utføre avslappingsøvingar før innsovning (autogen trening). Om kroppen og muskulaturen er avslappa i det ein sovnar, er det mindre fare for tanngnissing i løpet av natta.

Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, og ein fryktar større skadar på tennene, er det mogleg å få framstilt ei bitskinne hjå tannlegen. Denne er vanlegvis laga i hard plast og fungerer som ein tannbeskyttar. Slik vil tanngnissinga gå ut over bitskinna i staden for tennene.

Mange vil òg oppleve at kjevemuskulaturen slappar meir av om ein nyttar bitskinne. Slik kan følgjeplager som spenningar i nakke og skuldrer, samt hovudverk reduserast.

Ved langvarig og alvorleg tanngnissing kan tennene etter kvart bli svært slitte. Dette kan gå ut over både funksjonen og utsjånaden til tennene. I slike tilfelle kan det vere naudsynt å byggje opp att tennene anten ved hjelp av fyllingar eller med kroner. Dette kan vere ei kostbar og omfattande behandling og kan i enkelte tilfelle utløyse trygdestønad. Det er tannlegen som vil vurdere om tilstanden er so alvorleg at den vert omfatta av dette regelverket.

Oppbygning med fyllingsterapi


 
 
 
  

Oppbygning med kroneterapi
       

Tanngnissing hjå born
Det er ikkje uvanleg at born skjer tenner om natta. Sjølv om det høyrest ille ut, er det oftast heilt ufarleg. Det er ikkje vanleg å behandle born som er plaga med tanngnissing og for dei fleste vil tanngnissinga gje seg når mjølketennene etter kvart vert erstatta med permanente tenner.
loader