loader

Fyll ut skjema og bestill time

Tannfraktur - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Tenner med store fyllingar
Tenner med store fyllingar gjer at tannsubstansen kring fyllinga er svekt. Når ein tygg, kan det etter kvart utvikle seg tynne sprekkar i tanna. Desse sprekkane utviklar seg under fyllinga og beveger seg vanlegvis på skrå vekk frå nerven til tanna. Over tid kan slike sprekkdanningar føre til at ein del av tanna knekk og dett ut. I nokre tilfelle knekk tanna fordi ein tygg på noko hardt, men ofte er det heller den totale belastinga over tid som er utslagsgjevande, og tidspunktet for tannfrakturen er ofte
tilfeldig.









Dersom ei tann knekk på denne måten, bør ein kontakte tannlege snarast for å få den reparert.

Rotfylte tenner
Tenner som er rotfylte, eller som er under rotfyllingsbehandling, er særleg utsette for å knekke. Slike tenner har ofte hatt store og djupe hol som er reparerte med fyllingar. Difor vil den attståande tannsubstansen vere svekt. Når tanna skal rotfyllast, må ein i tillegg lage ei opning inn til nerven, som vil føre til at tanna vert ytterlegare svekt. Ein ser òg at tanna «tørkar ut» når nerven er reinska vekk, noko som kan gjere at allereie eksisterande sprekkdanningar utviklar seg.

Ei tann som er under rotfyllingsbehandling, er fylt med ein bakteriedrepande salve og tetta med ei provisorisk fylling. Dersom noko av tanna eller den provisoriske fyllinga knekk, er det fare for at nye bakteriar kan kome inn og infisere tann på nytt. Difor bør ein ta kontakt med tannlege snarast viss dette skjer. 

Fylling som knekker

På same måte som tenner kan fyllingar òg knekke. Dette kan til dømes skje om ein er uheldig og belastar fyllinga for hardt når ein tygg. Ofte ser ein at fyllinga då er svekt i forkant, til dømes ved at den har eit hol i kanten. Ei fylling med hol i kanten vil tole mindre tyggjetrykk og knekke lettare.

Det er viktig å kontakte tannlege snarast viss ein har ei knokken fylling. Dette er særleg viktig dersom den frakturerte fyllingsbiten vert liggjande på plass. Då vil det ikkje vere mogleg å halde reint der, og eit eventuelt hol under fyllinga vil raskt vekse seg større.

Behandling av knokken tann

Fyllingsterapi 
I mange tilfelle kan ein reparere ei knokken tann med ei fylling. Då fjernar ein først den gamle fyllinga i tanna og byggjer den opp med ei tannfarga fylling i plast (kompositt).

 


Porselensinnlegg
Eit innlegg er ei tannrestaurering som vert nytta som eit alternativ til tannfarga fyllingar i plast. Det vert nytta til å reparere tenner som er frakturerte eller skada av eit hol. Først må ein slipe tanna og ta eit avtrykk av den, før tanna vert dekt med eit provisorisk fyllingsmateriale. Avtrykket sender ein deretter til ein tannteknikar, som lagar sjølve innlegget. Etter éi til to veker er innlegget ferdig og kan verte sementert på plass. Eit innlegg er rekna som ei meir haldbar behandling enn ei vanleg fylling i plast.

   


Kroneterapi
Dersom tanna er veldig svekt, kan det vise seg at ei stor fyllingsoppbygging ikkje vil vere sterk nok. Dette gjeld særleg for rotfylte tenner. Då kan ei keramisk krone (porselenskrone) vere eit betre alternativ. Å få framstilt ei keramisk krone inneber at ein sliper og formar til tanna slik at ein kan sementere ei porselenstann utanpå.









Porselenstanna vert laga av ein tannteknikar og er sterkare og finare enn ei vanleg fylling. Prosessen er likevel tidkrevjande og teknisk vanskeleg både for tannlegen og tannteknikaren. Difor er prisen for ei krone høgare enn for ei vanleg fylling.
  • Biletet viser at ein tyggjeknute til ei tann i overkjeven har frakturert. Tanna var svekt på grunn av ei
    stor amalgamfylling.

  • Biletet viser at den attståande amalgamfyllinga er fjerna, og at tanna er bygd opp att med ei
    plastfylling.

  • Biletet viser ein jeksel i underkjeven med ei stor amalgamfylling. Det går ei tydeleg brotlinje langs
    den eine tyggjeknuten.

  • Brotlinja førte over tid til at tanna frakturerte.

  • Den attståande amalgamfyllinga vart fjerna, og tanna vart bygd opp att med ei plastfylling.

loader