loader

Fyll ut skjema og bestill time

Herpes munnsår - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Herpesmunnsår er forkjølingssår forårsaka av eit virus (herpes simplex-virus type 1). Såra startar med kløe og prikking i huda på og rundt leppene. Det vert etter kvart danna små væskefylte blemmer som bryt ut i sår.

Årsaker til forkjølingssår
Store delar av befolkninga er smitta med herpesvirus, men langt frå alle får utbrot av forkjølingssår. Viruset ligg latent i kroppen og kan reaktiverast i periodar med nedsett immunforsvar, til dømes ved ei forkjøling. Hjå enkelte fører dette til infeksjonar i form av munnsår på og rundt leppene.

Andre årsaker til utbrot kan vere periodar med stress eller om ein er utsett for sterkt sollys.

Behandling av forkjølingssår



Behandling av herpesmunnsår vert i stor grad basert på virushemjande kremar som ein smør på og rundt såret. Tannlege eller lege vil kunne skrive ut resept på eigna medikament.

Desse skal både gjere at det gror raskare og redusere ubehag og smerter knytt til såret. Det er viktig å kome tidleg i gang med behandlinga, helst så snart ein kjenner det begynner å prikke i huda.


Viktige råd
  • Ha grundig handhygiene i periodar med utbrot, og unngå å ta direkte på såra. Ver
    oppmerksam på at herpesvirus kan smitte til andre stader på kroppen.
  • Det er òg lett å smitte andre når såret er aktivt. Unngå difor kyssing, og ikkje drikk av same flaske som andre.
  • Bruk munnsårplaster. Dette får ein på apotek, og det kan lindre ubehag ved utbrotet samstundes som det hindrar vidare smitte.
  • Unngå sterk sol. Bruk eventuelt leppepomade med høg solfaktor.
  • Informer tannlegen på førehand dersom du har tannlegetime samstundes med eit aktivt herpessår.
loader