loader

Fyll ut skjema og bestill time

Amalgam - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Frå 1. januar 2008 vart det her i landet innført totalforbod mot amalgam som tannfyllingsmateriale. Bakgrunnen for dette var at Miljødepartementet frå og med denne datoen fastsette eit forbod i Noreg mot produkt som inneheld kvikksølv.

Amalgam er eit fyllingsmateriale som har vore i bruk i langt over 100 år. Det består av ei legering av kvikksølv og andre metall, til dømes sølv, tinn, kopar og sink. Som fyllingsmateriale hadde amalgam mange gode eigenskapar. Det var slitesterkt, haldbart, billeg og teknisk lett å leggje. Bruken av amalgam vart likevel etter kvart omdiskutert, då ein lurte på om kvikksølv kunne løyse seg frå fyllingane og føre til forgifting i kroppen. 

Det finst ei lang rekkje symptom som nokre meiner kjem av kvikksølvutslepp frå amalgamfyllingane – kjensla av å vere trøytt, problem med å hugse, konsentrasjonsvanskar, kjensla av å vere slapp, høgt blodtrykk, lågt blodtrykk, krampar, diaré og så vidare. Det er likevel vanskeleg å vise at amalgamfyllingane er opphavet til desse symptoma, og alt tyder på at folk flest ikkje må eller bør skifte ut amalgamfyllingane sine viss dei er tette og elles fungerer godt.
loader