loader

Fyll ut skjema og bestill time

After - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Kva er after?
After (munnskåld) er små, smertefulle sår som kjem i munnhola. Såra er runde eller ovale og dekte av ei gulaktig hinne med ei hissig, raud sone rundt. Såra måler vanlegvis 4–8 millimeter i diameter, og dei forsvinn av seg sjølv i løpet av éi veke eller to.




After kan oppstå både på tunga, innsida av leppene og elles i slimhinna i munnen. Sidan dei er smertefulle, kan både eting, snakking og tannpuss vere ubehageleg.

Kvifor får ein after?
Ein veit enno ikkje eksakt kvifor after oppstår, men mykje tyder på at problemet kan vere arveleg. Om ein har tendens til å få after, ser det ut til at fleire faktorar kan verke utløysande:
  • Stress: Mange får hyppigare after i periodar med stress. Dette kan kome av at
    immunforsvaret i slike periodar fungerer dårlegare.
  • Traume: Bitsår eller skadar på slimhinna frå til dømes tannbørste kan utløyse after.
  • Tannkrem: Tannkrem som inneheld såpestoffet natriumlaurylsulfat, ser ut til å kunne utløyse after hjå enkelte.
  • Reaksjon på matvarer: Det ser ut til at enkelte får hyppigare after ved inntak av til
    dømes sjokolade, mandlar, tomat, syrlege drikkar med meir.
  • Vitaminmangel: Stadige utbrot av after kan kome av mangel på vitamin B,
    folinsyre eller jern.

  • Tarmsjukdom: After kan kome ved enkelte tarmsjukdomar, til dømes cøliaki.
Behandling av after
Det finst ingen kur mot after. Behandlinga ein kan tilby, er difor ofte basert på produkt som skal lindre symptoma ved å leggje seg som ei beskyttande hinne over såret.

Om ein ofte er plaga med after, bør ein prøve å finne den utløysande årsaka. Slik kan ein redusere at ein får utbrot så hyppig. Ofte kan første steg vere å gå over til ein tannkrem utan såpestoffet natriumlaurylsulfat – her vil tannlegen eller tannpleiaren din kunne kome med gode tilrådingar.

Enkelte er plaga med særleg store og smertefulle after. I slike tilfelle kan ein prøve medisinsk behandling. Slik behandling bør berre utførast i samråd med tannlege eller lege.
loader