loader

Fyll ut skjema og bestill time

Er det dyrt å gå til tannlegen? - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Prisen for tannbehandling er relativt høg i Noreg. Dette kjem av ulike årsakar. Fleire av årsakane bunnar i krav frå både pasientar og myndigheiter om at moderne tannbehandling skal vere trygg, byggje på moderne normer for helse, miljø og tryggleik, og i tillegg ha høg teknisk kvalitet.

For å møte desse krava, må tannlegen investere i stadig meir avansert utstyr. Dette kostar. For å fylle krava til dokumentasjon, må ein òg investere i dyre datasystem som skal kunne lagre store mengder data, som journalar, røntgenbilete, fotografi m.m. på ein trygg måte. Det tekniske vedlikehaldet av alt utstyret krev regelmessig besøk av serviceteknikarar med spesialkompetanse. Også dette kostar.

Med bakgrunn i den tekniske utviklinga innan odontologien, er det òg eit aukande krav om å halde seg teknisk ajour. Heile tannhelseteamet må på kurs (ofte utanbys) i fleire dagar. I mellomtida må kontoret verte stengt. Alt dette kostar.

I tillegg kan det nemnast at alle forbruksvarer som vert nytta hjå tannlegen er dyre fordi dei skal vere av beste kvalitet.

Ennå har ein ikkje tatt omsyn til utgiftene til husleige, straum, reinhald, rekneskapsførar, revisor, offentlege avgifter osv., samt kanskje den største utgiftsposten: løning av tilsette som gjer oss i stand til å yte tannbehandling.

Etter at avdrag og renter på lån er betalt og ein har sett av middel til nye investeringar, skal òg tannlegen ha si løn. I dag er denne berre ein mindre del av dei totale driftskostnadane til eit tannlegekontor.

Utgiftene til å drive eit moderne tannlegekontor er i dag formidable. Difor kan ein oppleve tannbehandling som dyrt. Alternativet kan vere å redusere på krava til alle dei tiltaka som gjer at du kan få trygg og god tannbehandling. Er dette ønskeleg?

Heldigvis har du fleire moglegheiter til å redusere utgiftene dine til tannbehandling. Godt stell av tennene, fluorskyljing og redusert bruk av sukkerhaldig mat og drikke er tiltak som for dei aller flestevil redusere tannlegeutgiftene.

Spør tannlegen eller tannpleiaren din om kva nettopp du kan gjere.
loader