loader

Fyll ut skjema og bestill time

Tenner og graviditet - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Når ein går gravid, vil ein ofte endre matvanar. Måltida vert hyppigare, og ein et gjerne meir sukkerhaldig kost. Dette gjer at ein del gravide har lettare for å utvikle hol i tennene.

Mange gravide vil òg oppdage at tannkjøtet vert betent og blør lettare. Dette kan kome av hormonelle forandringar, at munnhygienen er vanskelegare å gjennomføre i ein periode, eller at den vert nedprioritert av andre årsaker. For å unngå problem med tenner og tannkjøt under graviditeten er det viktig med eit fornuftig kosthald og godt reinhald.


Hvordan ta vare på tennene under svangerskapet:



Her følgjer nokre råd om korleis du best kan ta vare på tennene dine under svangerskapet: 
  • Et regelmessig, og unngå småeting mellom måltida. Mellommåltid bør eventuelt bestå av frukt eller grønsaker i staden for søtsaker.
  • Børst tennene grundig med tannkrem morgon og kveld. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når du ser at busta begynner å sprike.
  • For å førebyggje bløding frå tannkjøtet bør du reingjere mellom tennene minst ein gong per dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. For å kome til mellom jekslane kan ein med fordel bruke ein tanntrådhaldar.
  • Ekstra bruk av fluor vil vere med på å styrkje tennene og førebyggje hol. Dette finst mellom anna i form av skyljevæske og kan brukast dagleg.

Kvalme og oppkast:


Ein del gravide er plaga med kvalme og oppkast under svangerskapet. Magesyra er svært sur og kan tære på tannemaljen. Rett etter oppkast bør ein difor skylje munnen med vatn eller fluorskyljevatn. For å unngå å skade tennene bør ein helst vente ein time med å bruke tannbørsten.


Graviditet og tannbehandling:


Røntgenbilete: Eit røntgenbilete teke med dagens teknikk krev svært låg stråledose og er difor ikkje skadeleg for fosteret. Det er likevel vanleg å bruke eit blyforkle ved røntgenopptak. Du bestemmer sjølv om det skal takast røntgenbilete eller ikkje.

Bedøving: Bedøving som vert brukt ved tannbehandling, er ikkje skadeleg for fosteret og kan òg brukast av ammande.

Tannbehandling: Vanleg tannbehandling kan stort sett utførast som normalt under svangerskapet. Om det er mogleg, legg ein naudsynt tannbehandling til andre trimester.

Akuttbehandling og smertelindring kan utførast ved behov under heile svangerskapet.
loader