loader

Fyll ut skjema og bestill time

Retinert hjørnetann

Fremføring av retinert tann

Kva er ei retinert tann?
Ei retinert tann er ei tann som ligg gøymd inne i kjeven og ikkje bryt fram på vanleg måte (fig. I). Det er ulike årsakar til at ei tann ikkje bryt fram. Tannanlegget kan til dømes vere feilplassert, eller tanna kan ha eit frambrotshinder. For at tanna skal kome fram og stå i normal posisjon, må ein ofte kombinere kirurgisk og kjeveortopedisk behandling.

 
fig. I: Retinert hjørnetann 

Ved første gongs konsultasjon hos kjeveortopeden (reguleringstannlegen) stiller ein rett diagnose og dokumenterer behandlingsbehovet.

Dette inneber ofte at ein må ta avtrykk for å lage gipsmodellar eller digitale modellar av tennene. Røntgenbilete og ei klinisk undersøking av tannsettet er òg naudsynt. Det er denne informasjonen som dannar grunnlaget for den vidare behandlingsplanen.

Framføring av retinert hjørnetann i overkjeven
Det er som oftast hjørnetanna i overkjeven som er retinert. Dei fleste av desse ligg på ganesida. Under lokalbedøving lagar ein ei opning inn til tanna, slik at ein kan feste ein liten metallkloss med eit kjede på ho. Tanna kan førast fram i normal posisjon med hjelp av kjedet som er festa til reguleringa. Prosessen er tidkrevjande og kan vare opptil 1.5 - 2 år.

     
Retinert hjørnetann  Påmontert lenke  Gradvis fremføring 1 
     
Gradvis fremføring 2  Gradvis fremføring 3  Hjørnetanna i normal posisjon 

Det kan kome smerter etter operasjonen. Difor vil du få smertestillande medikament som du tar ved
behov. Nokre kan òg oppleve ubehag grunna draget frå kjeden som er festa til tanna.

Komplikasjoner

Det er generelt sett få komplikasjonar i samband med framføring av retinerte tenner og dei fleste oppnår eit vellukka resultat med denne type behandling. Det kan likevel hende at komplikasjonar oppstår. Til dømes er det ein liten fare for at tannrøtene kan verte skada grunna kreftene som er i sving når tennene flyttar på seg. Grundig reinhald er viktig under heile behandlinga. Det er viktig å ta kontakt dersom det hender noko unormalt, til dømes dersom kjedet losnar.

Dersom tanna ikkje bevegar seg, kan den ha grodd fast i beinet. Då kan det vere naudsynt å fjerne den kirurgisk og erstatte den på ein annan måte.

Både kirurg og kjeveortoped kan gje meir utfyllande informasjon før behandlinga startar.

Ta kontakt viss det er noko du lurar på.
loader