loader

Fyll ut skjema og bestill time

Tannregulering - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Kva er kjeveortopedi?
Kjeveortopedi er ei spesialisering innan tannlegeyrket som krev tre års vidareutdanning.
Kjeveortopeden jobbar med pasientar som er tilviste frå allmenntannlegen, og behandlar tannstillingsfeil med tanke på både estetikk og funksjon.

Kven kan få kjeveortopedisk behandling?

Det er vanlegvis born og ungdom som vert tilviste til kjeveortopedisk vurdering og behandling. På denne måten kan ein korrigere bitfeil tidleg, mens kjevane til barnet enno veks. Dette er til hjelp når tenner skal flyttast på.

I seinare tid har det òg vorte vanlegare for vaksne pasientar å få utført tannregulering. Behandlinga av vaksne kan ta noko lengre tid enn hjå born, men nye metodar og materiale gjer at reguleringsprosessen er både skånsam og lite skjemmande.

Gangen i behandlinga
Ved første gongs konsultasjon vil kjeveortopeden dokumentere behandlingsbehovet. Det inneber at ein må ta avtrykk for å lage gipsmodellar av tennene, ta naudsynte røntgenbilete og få utført ei klinisk undersøking av tannsettet. Denne utgreiinga dannar grunnlaget for ein behandlingsplan. Sjølve behandlinga vil variere etter kva type bitfeil som skal korrigerast, og tek vanlegvis 1,5–2 år.

Sluttresultatet vert vanlegvis sikra med tynne strengar (retainere) som vert limte på baksida avtennene.

Kva kostar kjeveortopedisk behandling?
Det meste av kjeveortopedisk behandling vert utført med stønad frå Helfo for pasientar til og med fylte 20 år. Det vil seie at du betaler ein eigendel sjølv. Unntaket er tilfelle der behandlinga berre er estetisk motivert. Du vil få eit kostnadsoverslag frå kjeveortopeden før behandlinga vert sett i gang. Besøk gjerne nettsidene til Helfo for meir informasjon om refusjon ved kjeveortopedisk behandling.

Ulike behandlingsmetodar
Som tidlegare nemnt vil ulike tannstillingsfeil krevje ulik behandling. Her følgjer ei kort oversikt over vanlege metodar for tannregulering.

Faste strengar på framsida av tennene

Tannregulering med streng gjer ein i det permanente tannsettet både hjå ungdom og vaksne. Klossar vert limte på framsida av tennene, og strengen vert festa mellom desse. Ein kan ha streng i berre éin kjeve, men som regel må ein ha i begge kjevane for at bitet skal passe. Behandlingstida med faste strengar er oftast 1,5 til 2 år. Når behandlinga er avslutta, vil ein oftast lime ein tynn streng (retainer) på baksida av framtennene. Dette gjer ein for å sikre sluttresultatet.


Faste strengar på baksida av tennene

I motsetning til konvensjonell tannregulering som har strengar festa på framsida av tennene, er denne varianten limt på baksida av tennene. Klossane og strengen er dermed ikkje synleg, og ingen ser at du har regulering. Dette er ein reguleringstype vaksne pasientar ofte nyttar.

Tannregulering på baksida av tennene fungerer elles etter dei same prinsippa som på framsida av tennene. Behandlingstida varierer mellom 6 og 24 månadar, alt etter kor stor bitfeilen er. Når behandlinga er avslutta, vil ein tynn streng (retainer) verte limt på baksida av framtennene for å sikre sluttresultatet.


Reguleringsskjener / Clear Aligners

Reguleringsskjener er ein ny måte å rette tennene på utan klossar og streng. Det skjer med hjelp av ei rekkje nesten usynlege skjener i gjennomsiktig plast. Ved hjelp av 3D-teknologi framstiller ein ei rekkje skjener som flyttar litt og litt på tennene fram til ynskt posisjon. Skjenene skal brukast heile tida, unnateke når ein et eller pussar tennene. Ein byter ut desse skjenene kvar fjortande dag og møter til kontroll hjå tannlegen/kjeveortopeden om lag kvar fjerde til åttande veke.

Behandlingstida varierer etter kor stor bitfeilen er, men dei fleste behandlingane er ferdige i løpet av eitt år. Sluttresultatet vert sikra ved å lime ein tynn streng (retainer) på baksida av tennene.


Plate

Avtakbare plater vert som regel nytta som ei innleiande behandling for å førebyggje tann- og kjevestillingsfeil hjå born og ungdom. Dette vert kalla for funksjonell kjeveortopedi, og kjeven vert hjelpt med å vekse i rett retning, slik at den får naturleg form, storleik og posisjon. Dette vil igjen bidra til at ein får betre plass til dei permanente tennene, og at bitet passar. Plater kan òg nyttast etter at ein er ferdig utvaksen, men då er det som regel berre for å rette på små feilstillingar av enkelttenner.

Dei kjem i mange ulike utformingar, alt etter kva type funksjon plata skal ha. Platene er laga av plast (akryl) med tynne metallstenger og vert som regel nytta i overkjeven. For å oppnå god effekt må desse nyttast minst 10 timar kvar dag. Ved større bitfeil må ein òg ha faste strengar når dei permanente tennene er komne ut.
loader