loader

Fyll ut skjema og bestill time

Lystgass

Behandling under lystgass krev at den behandlande tannlegen har eigen lystgassautorisasjon. Dersom behandlinga skal kombinerast med andre former for roande medikament, skal dette bestemmast av og gjennomførast av tannlegen. Dette er naudsynt for at tannlegen skal kunne gje ei korrekt og trygg dosering.

Lystgassen sin verknad
Lystgass verkar angstdempande og lett bedøvande. Pasienten vert kopla til ei nasemaske, og pustar så inn ei blanding av lystgass og oksygen. Effekten er justerbar og kan kontrollerast fortløpande. Effekten vert gradvis auka til ein når eit stadium der ein kan utføre tannbehandlinga. Pasienten er heile tida medveten under behandlinga.

Ein av fordelane med lystgass er at verknaden forsvinn raskt ut av kroppen etter at
behandlinga er avslutta. Til forskjell frå roande medikament, vil verknaden ha opphøyrt heilt innan ein forlet tannlegekontoret.

Faste før behandling
Pasienten må møte fastande. Ein skal ikkje ha ete mat eller drukke mjølk dei siste 6 timane før tannbehandlinga.

Ein kan drikke klare væsker inntil 2 timar før inngrepet. Dette kan vere vatn, saft, brus eller juice utan fruktkjøtt.

Sukkerhaldig juice utan fruktkjøt kan ein med fordel innta 2 timar før behandling. Dette for å unngå lågt blodsukker.

Dei siste to timane før behandlinga skal ein heller ikkje bruke tyggjegummi, sukkertøy, snus eller tobakk.



Generell helse
Me ynskjer å gjere behandlinga så trygg som mogleg. Det er difor viktig at me har oppdaterte helseopplysningar. Ver venleg å gje beskjed om:

  • Forkjøling / tett i nasen
  • Sjukdommar
  • Medisinbruk
  • Unormal blødningstendens
  • Allergiar
  • Tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling
  • Graviditet
Helseskjema skal vere oppdatert og utfylt i forkant av behandlinga.
loader