loader

Fyll ut skjema og bestill time

Rotspissamputasjon - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Inne i tanna er det eit holrom med nervar og blodkar som vert kalla pulpa. Dersom pulpa vert skada og infisert av bakteriar, kan den aldri verte normal igjen. Den vanlegaste årsaka til slike skadar er djupe hol i tanna (fig. 1). Dette kan føre til tannsmerter og ein infeksjon som spreier seg til kjevebeinet kring rotspissen til tanna. Ved å rotfylle tanna tek ein sikte på å fjerne bakteriane og på den måten få kontroll på infeksjonen.


             Figur 1

I tilfelle der vanleg rotfyllingsbehandling aleine ikkje fører fram, kan ein rotspissamputasjon bidra til å løyse problemet.

Førehandsinformasjon
Ein rotspissamputasjon er eit kirurgisk inngrep der om lag 3–5 millimeter av rotspissen vert fjerna. For å få tilgang til rotspissen må ein brette tannkjøtet til sides og bore vekk naudsynt kjevebein. Inngrepet skjer med lokalbedøving og er smertefritt. Etter inngrepet set ein nokre sting for å lukke såret. Stinga vert normalt fjerna etter om lag ei veke.






Infeksjon ved rotspissen
Utført operasjon
Endt tilheling

Etter inngrepet
Når bedøvinga går ut (etter tre–fire timar), kan det kome smerter i området. Difor vil du få smertestillande tablettar eller resept på smertestillande tablettar med deg.

Det er tilrådd å ta det med ro den første tida etter inngrepet. Unngå difor hardt fysisk arbeid, trening og liknande i denne perioden.

For å vurdere om rotspissamputasjonen var vellukka, må ein kontrollere tanna både klinisk og med røntgenbilete. Dersom det ikkje er symptom i området, vil ein vanlegvis ta den første kontrollen 6–12 månadar etter at såret har grodd.

Komplikasjonar
I samband med alle kirurgiske inngrep er det ein risiko for komplikasjonar. Døme på dette kan vere forlengd blødingstid eller utvikling av infeksjon i operasjonsområdet. Det oppstår likevel sjeldan komplikasjonar i samband med rotspissamputasjon. Ta kontakt med tannlegen for naudsynt behandling viss noko unormalt oppstår etter inngrepet.


Generell helse

For å gjere inngrepet så trygt som mogleg er det òg viktig med oppdaterte helseopplysingar. Ver venleg å gje beskjed om 
  • medisinbruk  
  • sjukdomar
  • allergiar
  • unormal blødingstendens
  • tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling
  • graviditet
  • angst for tannbehandling
loader