loader

Fyll ut skjema og bestill time

Betennelse i nerven - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Reversibel betennelse i nerven
Somme gonger kan tenner med hol eller djupe fyllingar føre til murring og svak tannverk. Slike symptom kan kome og gå i periodar og kjem av ein irritasjon i pulpa, eit holrom midt inne i tanna fylt med nervar og blodkar. Ein bør reparere holet, men ein vel ofte å observere tenner med fyllingar i første omgang. Dersom pulpa er frisk nok, vil symptoma ofte roe seg ned av seg sjølv etter ei tid. Dette kallar ein for reversibel pulpitt – ein reversibel betennelse i nerven.

Irreversibel betennelse i nerven
I dei tilfella der pulpa vert for skada og infisert av bakteriar, kan den aldri verte normal igjen (fig. I). Denne tilstanden kallar ein for irreversibel pulpitt – ein irreversibel betennelse i nerven. Dette er ofte knytt til intense tannsmerter. I første omgang kan det vere svært vanskeleg å kjenne kor smerta kjem frå, sidan den kan stråle både til over- og underkjeven.

Etter kvart kan ein likevel lokalisere smerta til ei bestemt tann. Viss ein ikkje behandlar tanna, vil pulpa dø, og infeksjonen kan etter kvart spreie seg
til kjevebeinet kring røtene til tanna (fig. II).

Behandling av tann med irreversibel pulpitt
Viss ein vil behalde tanna som har fått irreversibel pulpitt, må ein prøve å rotfylle den. Ei rotfylling inneber at pulpa vert reinsa vekk (fig. III) og erstatta med eit bakterietett materiale. Behandlinga strekkjer seg vanlegvis over minimum to tannlegebesøk. Sjølve inngrepet skjer med lokalbedøving og er vanlegvis smertefritt. Etter at tanna er ferdig rotfylt, kan ein byggje den opp att (fig. IV). Det kan ein gjere med ei tannfarga plastfylling eller ei keramisk krone (porselenskrone).








figur I
figur II
figur III
figur IV

Smerter og hevelse etter utreinsking
I samband med reinsking av ei tann med infeksjon kan bakteriebalansen forskuve seg slik at det oppstår smerter og hevelse. Litt smerte etter utreinsking er normalt, men viss det er teikn på infeksjonsspreiing, kan det vere naudsynt med antibiotika. Ta kontakt om du mistenkjer ei slik infeksjonsspreiing.

Ved utreinsking av tenner utan infeksjon kan det kome smerter i tida etterpå. Dette er normalt og vil vanlegvis gå over etter nokre dagar.

Kva er alternativet til rotfylling?

Alternativet til rotfylling er å fjerne tanna. Det er mogleg å erstatte tanna med ei keramisk bru eller eit implantat med ei keramisk krone på toppen. Dette er løysingar som er vesentleg dyrare enn om ein rotfyller og beheld tanna.

Korleis er prognosen?
Ei rotfylling er eit forsøk på å redde tanna, og ein kan rotfylle dei fleste tenner med svært godt resultat. Når resultatet likevel ikkje vert slik ein hadde tenkt, kan dette ha ulike årsaker.

Dei vanlegaste er 
  • sprekkdanning i rota der bakteriar ikkje kan reinskast vekk

  • ekstra nervekanal som er infisert, men som ikkje let seg påvise

  • forkalkingar eller ujamne tilhøve som hindrar tilgang til nervekanalen

  • kraftig avbøying på rota

  • tapt toppfylling, som gjer at bakteriar kan trengje inn i rotfyllinga
Sjølv om rotfyllinga teknisk sett er vellukka, kan det i nokre tilfelle kome svake ettersmerter i tanna i opptil fleire månadar etter at behandlinga er ferdig. Det er òg viktig å vere klar over at ei rotfylt tann ikkje er like sterk som før. Den har difor høgare risiko for å knekke enn ei frisk tann. Av og til vil det difor vere naudsynt å styrkje tanna med ei keramisk krone.

Kva kostar ei rotfylling?
Prisen på ei rotfylling er avhengig av tida som går med til behandlinga. Arbeidet er teknisk vanskeleg og tidkrevjande og strekkjer seg normalt over minimum to tannlegebesøk. I tillegg kjem kostnaden med å byggje tanna opp att. Difor kan ein få eit skriftleg kostnadsoverslag før behandlinga vert sett i gang.



Viktig!
I prosessen med å rotfylle ei tann vil ein normalt måtte rekne med ein periode med ei
provisorisk fylling. Den provisoriske fyllinga skal hindre at nye bakteriar kjem inn i tanna
mens behandlinga pågår.
  
  • Den provisoriske fyllinga er først mjuk og vert gradvis sterkare. La den difor vere i ro, og vent minst ein time før du et.
  • Ei provisorisk fylling vert aldri så sterk som ei vanleg fylling. Ver difor forsiktig når du tygg. Ta kontakt dersom større bitar knekk av den provisoriske fyllinga.
  • Tanna kring den provisoriske fyllinga kan vere svekt. Ta kontakt dersom noko av tanna dett av.
  • Ikkje bruk tannstikkarar eller tanntråd i området ved den provisoriske fyllinga. Reingjer elles tanna som normalt.
loader