loader

Fyll ut skjema og bestill time

Delprotese - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Ein delprotese er ein tannprotese som kan takast av, som har eit støypt metallskjelett, og som kan erstatte éi eller fleire tenner. Protesen vert halden på plass med støtter og krokar (klammer) på dei attståande tennene, men kan enkelt takast ut, til dømes ved reingjering. Delprotesen vert laga av ein tannteknikar etter eit nøyaktig avtrykk av attståande tenner og kjevekam. Framstillinga krev fleire tannlegebesøk.

Kva er ein immediatprotese?
Ein immediatprotese er ein provisorisk protese som vert sett inn like etter at dei dårlege tennene er fjerna. Det vert på førehand teke avtrykk av overkjeven og underkjeven, og sjølve protesen vert laga av ein tannteknikar.

Fordelen med immediatprotesen er at ein slepp å gå utan tenner etter at desse er fjerna. Kjeven vil kjennast sår den første tida etter at protesen er sett inn. I tillegg vil kjevekammen gjennomgå endringar når såret gror, noko som gjer at tilpassinga gradvis vert dårlegare. Då vil det vere naudsynt med ny behandling.

Tilvenning til protesen
Det tek tid å venne seg til den nye protesen. For deg som får protese for første gong, kan vanlege plager like etter innsetjing vere auka spyttproduksjon, kjensla av å vilje brekke seg og plagsam oppsamling av mat. Vidare vil det ta tid før muskulatur og slimhinner er vande med den nye situasjonen. I tilvenningsperioden bør ein difor halde seg til flytande føde og mat som er lett å tyggje. Maten kan delast opp og tyggjast forsiktig. Det kan likevel oppstå ømme punkt og gnagsår i munnen
der protesen pressar for hardt. Tannlegen kan korrigere dette ved å slipe på protesen.

Mange vil oppleve at det i starten er vanskeleg å snakke tydeleg med den nye protesen. Særleg lyden «s» kan vere vanskeleg. Trening i form av å lese høgt for seg sjølv vil framskunde tilvenninga. Viss uttalevanskane varer ved, kan det vere naudsynt med korreksjon hjå tannlegen.

Kor lenge varer protesen?
Ein protese er ikkje eit eingongskjøp. Klammene kan etter kvart verte mindre effektive, slik at protesen ikkje sit like godt fast. Dette kan nokre gonger justerast hjå tannlegen ved at ein forsiktig bøyer klammene tilbake igjen.

Gradvise endringar av kjeven gjer at protesen med tida får dårlegare passform. Det er då mogleg å «fore» den slik at ein tilpassar den til dei endra tilhøva i munnen. Ofte vil det likevel vere betre å framstille ein ny protese. Tidsintervallet for dette vil kunne variere frå person til person og må difor
vurderast individuelt.

Reinhald
Protesen må gjerast rein éin til to gonger kvar dag med mjuk tannbørste eller spesialbørste. I tillegg til protesetennene er det særleg viktig å pusse innsida av protesen nøye. Ved reingjering kan ein til dømes nytte tannpasta med lite slipemiddel, eller Zalo. Ein bør halde protesen over ein vask fylt med vatn for å unngå at den vert skada om ein skulle miste den ned. Nytt deg gjerne av protesereinsemiddel, men følg bruksrettleiinga for produktet nøye.

Reingjer kjevekam, gane og tunge med ein mjuk børste. Mangelfullt reinhald kan gje dårleg smak i munnen, soppdanning i slimhinna og dårleg ande.

Hugs òg å pusse dei attståande tennene. Desse er meir utsette enn normalt med tanke på utvikling av hol og tannkjøtproblem. Fluorbruk og godt reinhald er avgjerande. For å sikre eit godt langtidsresultat vil det vere naudsynt med eit individtilpassa kontrollregime minst éin gong kvart år.

Oppbevaring
Det er ein fordel å ta protesen ut om natta. Då reduserer ein risikoen for hol på dei andre tennene. Når protesen ikkje er i munnen, bør du oppbevare den fuktig, til dømes i eit glas med vatn. Viss ein likevel vil bruke protesen om natta, må både protesen og dei attståande tennene reingjerast grundig før ein går til sengs.

Det er tilrådd å få kontrollert protesen, munnslimhinna og dei attståande tennene årleg hjå tannlegen.
  • Biletserien viser ein delprotese (vitallium) frå forskjellige vinklar.

  • Biletserien viser ein delprotese (trådklammer) frå forskjellige vinklar.

  • traadklammer 6
    traadklammer 6

    Biletserien viser ein delprotese (trådklammer) frå forskjellige vinklar.

  • Biletserien viser ein delprotese (valplast) frå forskjellige vinklar.