loader

Fyll ut skjema og bestill time

Informasjon etter operasjon

For å oppnå god sårtilheling anbefaler ein følgjande:

  • Ha ein steril kompress mot såret i 20 – 30 minutt etter operasjonen. Gjenta dette ved behov viss blødinga held fram.

  • La operasjonsområdet og stinga vere mest mogleg i ro. Ikkje ta borti med fingrane eller tunga.

  • Ta første smertestillande tablett innan 30 - 45 minutt etter operasjonen, før
    bedøvinga går ut. Svelg med vatn.

  • Vent minst 2 timar med å ete/drikke. Mjuk mat er anbefalt dei første dagane.

  • Avstå frå røyk, snus og alkohol det første døgeret. Desse produkta påverkar sårtilhelinga negativt.

  • Unngå å anstrenge deg for mykje (tung løfting, trening, etc.) dei første dagane.

  • Unngå tannbørsting i sjølve operasjonsområdet dei første dagane. Elles pussar ein tennene som normalt.

  • Skyl munnen med klorhexidinløysning (t.d. Corsodyl, Paroex, Hextril) morgon og kveld i 1 veke. Skyl ut tannkremrestar før du nyttar klorhexidin.

Smertestillande tablettar:

Ein kan forvente noko smerte og hevelse etter inngrepet. Det er tilrådd at du tek smertestillande tablettar slik:

Milde til moderate smerter: Ta 2 tablettar Paracet 500 mg. Gjenta ved behov med 5–6 timars mellomrom. Maks 4 dosar per døger.

Moderate til sterke smerter: Ta 1 tablett Ibux 600 mg + 2 tablettar Paracet 500 mg samstundes etter ca. 30–45 minutt. Gjenta doseringa ved behov med 5–6 timars mellomrom. Maks 4 dosar per døger. (Merk: Ikkje ta Ibux om du er gravid eller har magesår.)

Sterke smerter: Ta 1–2 tablettar Paralgin forte eller Pinex forte etter ca. 30–45 minutt. Gjenta doseringa med 4–6 timars mellomrom. Maks 8 tablettar per døger. (Merk: Ikkje køyr bil når du bruker Paralgin forte / Pinex forte.)



Normale reaksjonar etter kirurgiske inngrep i munnen:

Bløding: Det er normalt at det blør lett frå såret det første døgeret. Ikkje skyl med vatn, men legg på ein steril kompress i ca. 20-30 minutt. Det er anbefalt at ein brukar ei ekstra hovudpute den første natta. Ved kraftig blødning, eller blødning som varer meir enn eit døger, ta kontakt med tannklinikk/legevakt.

Hevelse og blåmerke:
Hevelse etter operasjonar er vanleg, og er ofte størst etter 2-3 dagar. Hevelsen forsvinn vanlegvis i løpet av ei veke. Det er heller ikkje uvanleg med blåmerker på huda over operasjonsområdet.

Smerter: Etter at bedøvinga går ut vil ein kunne forvente noko smerte dei påfølgjande 6-12timane. Normalt minkar smertene gradvis i løpet av dei første to døgera etter inngrepet. Enkelte vil oppleve at smerter etter operasjonar i munnen er verst etter 2-3 døger, og at desse varer i 1 veke eller lenger. Dersom smertene varer i meir enn 1 veke, anbefaler ein å ta kontakt med behandlar eller anna kyndig personell for ein kontroll. Bruk smertestillande medikament som anbefalt. Legg gjerne eit kaldt omslag/ispose på kinnet dei første timane etter operasjonen. Unngå is direkte på huda.

Vanskar med å gape: Det kan oppstå stivhet i tyggjemuskulaturen, som gjer det vanskeleg å opne munnen heilt. Dette gir seg normalt etter 1 - 2 veker. Tøying/gapetrening kan forsøkast, men dersom du slit med å gape etter 2 veker, bør du utføre ein kontroll/tilsyn hos behandlar/kyndig personell.
loader