loader

Fyll ut skjema og bestill time

Implantat helkjeve

Hva er et implantat?

Kva er eit implantat?
Tannimplantat vert nytta til å erstatte manglande tenner. Desse vert operert inn i kjevebeinet. Når beinet har grodd rundt implantata, lagar ein sjølve tannerstatninga. I dei tilfella der fleire tenner manglar, er det mogleg å operere inn to eller fleire implantat og lage ei implantatbru. Behandlinga er ein prosess som strekk seg over fleire tannlegebesøk og krev grundige forundersøkelsar og nøye planlegging. Moderne implantatbehandling er ei sikker og trygg behandling med god prognose og
haldbarheit.

   
fig. I 
fig. II
 fig. III fig. IV

Behandlinga steg for steg
  1. Innsetjing av implantat (fig. I-II). Operasjonen vert utført under lokalbedøvelse. Etterinngrepet vil ein motta meir utfyllande informasjon. Slik veit ein korleis ein skal forholde seg i tida etter operasjonen.

  2. Læking. Det tek vanlegvis 8-12 veker før ein kan belaste implantata. Det tek normalt kortare tid for underkjeven å lækje enn overkjeven.

  3. Montering av distansar. Distansane vert montert som ei forlenging av implantata og skal verke som fester for brua.

  4. Framstilling og montering av brua (fig. III-IV). Det er ein tannteknikar som lagar sjølve brua/protesen. Brua eller protesen vert vanlegvis festa med små skruar, slik at den seinare kan takast av ved behov. Dette krev vanlegvis 2 eller fleire tannlegebesøk.

Kva kostar implantatbehandling?
Implantatbehandling er ei omfattande og kostbar behandling. Generelt kan ein seie at prisen er avhengig av antall implantat og kor mange tenner som skal erstattast. I alle tilfelle bør ein motta eit skriftleg kostnadsoverslag før ein startar behandlinga.

Kven kan få implantat?
Dei aller fleste kan få sett inn implantat, og høg alder er i seg sjølv inga hindring. Det er likevel naudsynt med ei grundig forundersøking før ein set i gong med behandlinga. Ein tek røntgenbilete for å vurdere høgda, breidda og kvaliteten til kjevekammen. Munnhola må vere fri for infeksjonar og tannlosningssjukdom (periodontitt).

I dei tilfella der det ikkje er nok attverande kjevebein til å setje inn implantat, finst det metodar for å bygge kjeven opp att. Når dette er naudsynt vert behandlingstida forlenga med 4-6 månadar. Ikkje alle kan behandlast på denne måten, og kvar enkelt pasient vert difor vurdert ved behov for dette.

Storrøykarar bør ikkje få implantat.
 
Viktig informasjon etter implantatbehandling
  • Den første tida etter innsetting av implantatet vil ein kunne oppleve ein viss hevelse og blåmerker i andletet. Ein kan òg føle seg nomen i operasjonsområdet, men dette er med svært få unntak forbigåande.

  • Ein sjeldan gong kan ein oppleve at eit eller fleire implantat ikkje vil feste seg i kjeven, sjølv etter lækjeperioden på 8-12 veker.

  • Nokre er disponerte for å få tannlosningssjukdom (periodontitt) som får tennene til å losne. Det kan òg kome nedbryting av kjevebein kring implantat, og det vert då kalla peri-implantitt. Dette kan ein ofte behandle, men i verste fall må implantatet fjernast. Det er difor minst like viktig å vere nøye med reinhald av implantatarbeidet som med eigne tenner.

  • Ei tannerstatning som er festa til implantat fungerer for dei fleste pasientar som eigne tenner, og den synlege delen av erstatninga ser ut som naturlege tenner. Eit tannimplantat har likevel ikkje same form som ei tannrot, og det kan vere vanskeleg å gje overgangen mellom implantat og krone ein naturleg utsjånad.

  • Tannerstatninga vert dagleg utsett for mekanisk påverknad og vil etter kvart slitast i større eller mindre grad. Erstatninga vil òg kunne verte utsett for skadar, t.d. brot, på same måte som naturlege tenner. Det er difor viktig å vere klar over at det i framtida vil påløpe behov for- og kostnadar med vedlikehald på same måte som for naturlege tenner.

Generell helse

Me ynskjer å gjere inngrepet så trygt som mogleg. Det er difor viktig at me har oppdaterte helseopplysningar. Ver venleg å gje beskjed om:
 
  • Medisinbruk

  • Sjukdommar

  • Røykevanar

  • Allergiar

  • Unormal blødningstendens

  • Tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling

  • Graviditet

  • Angst for tannbehandling

For å få best mogleg prognose må ein:
  • Ha munnhola fri for infeksjonar og periodontitt før ein starter behandlinga.

  • Ikkje røyke.

  • Halde grundig reint rundt implantata. Hugs at kravet til munnhygiene og regelmessig kontroll hos tannlege er det same som for naturlege tenner.
  • Biletet viser tannlaus overkjeve. For å få ei fast tannerstatning er det operert inn 5 fiksturar. Biletet er teke etter læking, og det er klart for vidare behandling.

  • Brua er no skrudd fast til implantata i munnen. Me ser at det er gjort plass for at interdentalbørstar kan kome til for reinhald mellom bruledda.

  • Eit OPG-røntgen viser korleis implantata står i kjeven.

loader