loader

Fyll ut skjema og bestill time

Første møte med tannlegen - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Det første møtet med den offentlege tannhelsetenesta vil vanlegvis skje i løpet av året ein fyller tre. Det vil ofte vere ein tannpleiar som møter barnet første gong.

I tilvenningsfasen er målet å gjere barnet trygt i ein ny og ukjend situasjon. Ein trinnvis introduksjon til tannlegesituasjonen vil ofte fungere svært godt, men ein må likevel bu seg på å vere tolmodig.


Ei slik trinnvis tilvenning kan til dømes bestå av:
  • kome inn i rommet og snakke med tannpleiaren
  • sitje i tannlegestolen
  • få tannlegespegel i munnen
  • sjå sonden («pirkaren») i bruk på ein nagl, deretter halde den mot ei tann i munnen
  • prøve luftblåsaren på handa og deretter i munnen
  • prøve vass-sugaren på handa og deretter i munnen
  • leggje stolen flat og få utført ei rask undersøking med luftblåsar og spegel
Besøket vert ofte avslutta med ein liten «premie».

Det kan variere kor mykje barnet aksepterer ved første besøk. Her speler mange faktorar inn, men det er særleg viktig at ein som forelder prøver å gje barnet positive haldningar til tannlegebesøket.
loader