loader

Fyll ut skjema og bestill time

Protetikk

Når tenner har fått store fyllingar, er nedslitne eller er rotfylte vil det ofte vere kronebehandling som gjev det beste resultat over tid. Då kan den resterande tannsubstans bli best bevart og ein unngår frakturar som vil føre til at tanna går tapt. Vi tek då avtrykk, sender dette til tannteknikar og set på krone om lag to veker seinare. Vi kan også ta ein optisk scan av tanna og vil kunne sette på ny tann ein time etterpå. Dette er ikkje alltid råd å få til, og vi må nytte tannteknikar. Illustrert nedanfor



Krone på implantat kan også lagast med denne teknikken i visse tilfelle

Her ser ein planlegginga digitalt. Tannkrona blir festa til implantat. Dette kan gjerast på klinikken med kort arbeidstid. Men enno vil det måtte utførast av tannteknikkar i ein god del tilfelle.
loader