loader

Fyll ut skjema og bestill time

Personvernerklæring

Behandling av personopplysningar ved Emalje Tannklinikk

Når du er i kontakt med oss som pasient, eller på annan måte, vil Anders Henning Sægrov, Marianne Clemens og Merete Iren Sætre behandle personopplysningar om deg. Nedanfor finn du difor informasjon om personopplysningar som samlast inn, kvifor vi gjer dette og dine rettigheiter knytt til behandlinga av personopplysningane.

Behandlingsansvarlig for personopplysningane vi behandlar er Anders Henning Sægrov, Marianne Clemens og Merete Iren Sætre. Du kan kontakte oss på følgande:

Adresse: Hafstadvegen 37, Postboks 583, 6803 Førde

E-post: post@emalje.nhn.no

Telefon: 57820020

Organisasjons nr. : 989092332

For spørsmål du måtte ha om vår behandling av dine personopplysningar kan du kontakte dei nemnde og bruke aktuell adresse.   

Kvifor samlar vi inn personopplysningar og kva slags informasjon samlar vi inn

Vi samlar inn og brukar dine personopplysningar til ulike formål avhengig av kven du er og hvordan vi kommer i kontakt med deg. Vi samlar inn følgjande personopplysningar til formåla gjeve her:


  1. I samband med at vi behandlar pasientar. I denne forbindelse behandlar vi personopplysningar ved å opprette journal i vårt elektroniske journalsystem. Behandlinga skjer då som følgje av avtale med pasienten, i forhold til plikter vi er pålagt om behandling av helseopplysningar, bl.a. helsepersonellova, pasientjournalloven og pasient- og brukerrettighetslova.
  2. Svare på førespurnad som kjem inn til oss. Navn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelle personopplysningar som måtte følge av førespurnaden. Behandlinga av personopplysningar skjer på grunnlag av ein interesseavveging. Vi har vurdert det slik at dette ofte er nødvendig for å oss for å hjelpe deg med det du lurer på.

Utlevering av personopplysningar til andre

Vi gjev ikkje personopplysningane dine videre til andre med mindre det føreligg eit lovleg grunnlag for slik utlevering. Døme på slikt grunnlag vil typisk være en avtale med deg som for eksempel ved henvising til spesialistbehandling, ved refusjonskrav til Helfo, eller et lovgrunnlag som pålegg oss å gjeve ut informasjonen.

Vi bruker i enkelte tilfelle databehandlar til å samle inn, lagre eller på anna måte behandle personopplysningar på våre vegne. I slike tilfelle har vi inngått avtalar for å ivareta informasjonssikkerheit i alle ledd av behandlinga. Vi brukar følgjande databehandlarar per i dag:

  • Helfo ved refusjonar
  • Tannteknikar. Informasjon er avtrykk og foto av tenner for at teknikkar skal kunne framstille protetiske produkt som til dømes protese og kruner. Lagring av modellar er viktig i nokon tilfelle som ved implantatarbeid.
  • Reknskapssførar der pasientkvittering er grunnlag for omsetning til klinikken

All behandling av personopplysningar som vi utfører skjer innanfor EU/EØS-området.

  Lagringstid

Helseopplysningar skal oppbevarast til det av omsyn til helsehjelpa sin karakter ikkje lenger reknast å bli bruk for dem. Viss ikkje opplysningane deretter skal bevarast etter arkivlova eller annan lovgjeving, skal dei slettast, jf. pasientjournalloven § 25. Sjå også helsepersonellova § 43 og journalforskrifta § 14.

Vi lagrar elles dine personopplysningar hjå oss så lenge det er nødvendig for det formål personopplysningane vart samla inn for.


Dette betyr for eksempel at personopplysningar som vi behandlar på grunnlag av ditt samtykke slettast, viss du trekker ditt samtykke. Personopplysningar vi behandlar for å oppfylle en avtale med deg slettast når avtalen er oppfylt og alle plikter som følger av avtaleforholdet er oppfylt, med mindre annet følger av særreglar i helselovgjeving f.eks. om oppbevaring av pasientjournal.

Dine rettigheitar når vi behandlar personopplysningar om deg

Pasientar har rett til å krevje innsyn eller kopi av journal, jf. pasient- og brukerrettighetslova § 5-1. Det er særreglar for retting eller endring av pasientjournal i helsepersonellova §§ 42-44, jf. journalforskrifta § 14 mv.

Du har elles rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi behandlar om deg. Du har videre rett til å krevje avgrensa behandling, rette innvending mot behandlinga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i disse rettigheitene på Datatilsynets nettside:  www.datatilsynet.no.  

For å ta i bruk dine rettigheitar må du kontakte oss, sjå kontaktopplysningar ovanfor. Vi vil svare på din førespurnad til oss så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.

Vi vil be deg om å stadfeste identiteten din eller å oppgje ytterlegare informasjon før vi lar deg ta i bruk dine rettigheitar overfor oss. Dette gjer vi for å være sikre på at vi berre gjev tilgang til dine personopplysningar til deg - og ikkje nokon som gjev seg ut for å være deg.

Du kan alltid trekke tilbake ditt samtykke for behandling av personopplysningar hjå oss. Den enklaste måten å gjere dette på, er å kontakte oss.

Klagar

Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har beskrive her eller at vi på andre måtar bryter personvernlovgjevinga, så kan du klage til Datatilsynet.

Du finner informasjon om korleis kontakte Datatilsynet på Datatilsynets nettsider: www.datatilsynet.no.

Endringar

Viss det skulle skje endring av våre tenester eller endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det medføre forandring i informasjonen du er gjeve her.  Viss vi har dine kontaktopplysningar vil vi gjere deg merksam på disse forandringane. Elles vil oppdatert informasjon alltid finnes lett tilgjengeleg på vår nettside.

 


loader