loader

Fyll ut skjema og bestill time

Helfo - Stønad til tannlegebehandling - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Kven får stønad?

I Noreg har ein krav på gratis tannbehandling ut det året ein fyller 18. Dei neste 2 åra får ein 75 prosent rabatt viss ein går til offentleg tannklinikk. Etter dette må ein som hovudregel dekkje utgiftene til tannbehandling sjølv. Det finst likevel enkelte tilstandar og diagnosar som utløyser stønad til tannbehandling via folketrygda.

Dersom ein lurer på om ein oppfyller krav for stønad, bør ein spørje tannlegen sin. Det er tannlegen som vurderer om vilkåra for stønad til tannbehandling er oppfylte, men ein kan òg trenge dokumentasjon frå lege eller annan relevant spesialist for at refusjonen skal gjelde.

Helfo


Helfo gjev stønad til tannbehandling etter fastsette takstar. Ver merksam på at prisen hjå tannlegen ofte er høgare enn takstane i folketrygda, og at det då vert eit mellomlegg som ein alltid må betale sjølv.

Om ein ynskjer meir informasjon om stønad til tannbehandling, bør ein ta dette opp med tannlegen. Alternativt kan ein besøke heimesidene til Helfo (www.helsenorge.no) for meir utfyllande informasjon.
loader