loader

Fyll ut skjema og bestill time

Informasjon etter behandling - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Etter tanntrekking er følgjande tilrådd:
  • Ha ein steril kompress mot såret i 20–30 minutt etter operasjonen.

  • La såret vere mest mogleg i ro. Ikkje ta borti med fingrane eller tunga.

  • Ta første smertestillande tablett innan 30–45 minutt etter operasjonen, før bedøvinga går ut. Svelg med vatn.

  • Vent minst 2 timar med å ete/drikke. Tygg maten på motsett side dei første dagane.

  • Vent 6–12 timar med å røyke. Røyking påverkar lækingsprosessen negativt.

  • Unngå kraftig munnskyljing dei første to–tre døgera.

  • Unngå å anstrenge deg for mykje (tung løfting, trening osv.) dei første dagane.

  • Unngå tannbørsting i operasjonsområdet den første veka. Elles pussar ein tennene som vanleg.
Etter kirurgi er dette i tillegg tilrådd:
  • La operasjonsområdet og stinga vere mest mogleg i ro.

  • Skyl munnen med klorhexidinløysning (t.d. Corsodyl, Paroex, Hextril) morgon og kveld i éi veke. Skyl ut tannkremrestar før du nyttar klorhexidinløysning.



Smertestillande tablettar:
Ein kan forvente noko smerte og hevelse etter inngrepet. Det er tilrådd at du tek smertestillande tablettar slik:

Milde til moderate smerter: Ta 2 tablettar Paracet 500 mg. Gjenta ved behov med 5–6 timars mellomrom. Maks 4 dosar per døger.

Moderate til sterke smerter: Ta 1 tablett Ibux 600 mg + 2 tablettar Paracet 500 mg samstundes etter ca. 30–45 minutt. Gjenta doseringa ved behov med 5–6 timars mellomrom. Maks 4 dosar per døger. (Merk: Ikkje ta Ibux om du er gravid eller har magesår.).

Sterke smerter: Ta 1–2 tablettar Paralgin forte eller Pinex forte etter ca. 30–45 minutt. Gjenta doseringa med 4–6 timars mellomrom. Maks 8 tablettar per døger. (Merk: Ikkje køyr bil når du bruker Paralgin forte / Pinex forte.)

Normale reaksjonar etter kirurgiske inngrep i munnen:

Bløding:
Det er normalt at det blør lett frå såret det første døgeret. Ikkje skyl med vatn, men legg på ein steril kompress i om lag 20–30 minutt. Det er tilrådd at ein bruker ei ekstra hovudpute den første natta. Ved kraftig bløding eller bløding som varer meir enn eitt døger, ta kontakt med tannklinikk/legevakt.

Hevelse og blåmerke: Hevelse etter operasjonar er vanleg, og er ofte størst etter to–tre dagar. Hevelsen forsvinn vanlegvis i løpet av ei veke. Det er heller ikkje uvanleg med blåmerke på huda over operasjonsområdet.

Smerter: Etter at bedøvinga går ut, vil ein kunne forvente noko smerte dei neste 6–12
timane. Normalt minkar smertene gradvis i løpet av dei første to døgera etter inngrepet. Enkelte vil oppleve at smerter etter operasjonar i munnen er verst etter to–tre døger, og at desse varer i ei veke eller lenger. Dersom smertene varer i meir enn éi veke, er det tilrådd å ta kontakt med behandlaren eller anna kunnig personell for ein kontroll. Bruk smertestillande medikament som tilrådd. Legg gjerne eit kaldt omslag eller ein ispose på kinnet dei første timane etter operasjonen. Unngå å leggje is direkte på huda.

Vanskar med å gape: Det kan oppstå stivleik i tyggjemuskulaturen, som gjer det vanskeleg å opne munnen heilt. Dette gjev seg normalt etter éi til to veker. Du kan forsøke tøying/gapetrening, men dersom du slit med å gape etter to veker, bør du gå til kontroll eller tilsyn hjå behandlaren eller anna kunnig personell.

Eventuelt:
  • I nokre tilfelle vert det lagt ein liten tøybit med antibiotikasalve i operasjonssåret. Denne skal normalt verte fjerna etter eitt døger. Viss ein ikkje klarer dette sjølv, bør ein kontakte tannlegen.

  • Eventuelle sting skal normalt verte fjerna hjå tannlegen etter om lag ei veke.

NB! Dersom smertene aukar etter eitt til to døger, kan det kome av betennelse i kjevebeinet. Ein bør difor ta kontakt med tannlegen dersom noko kjennest unormalt, eller om ein har spørsmål.
loader