loader

Fyll ut skjema og bestill time

Fyllingsterapi - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Kvifor treng ein fylling i tanna?
Det finst ulike årsaker til at ei tann må verte reparert med ei fylling. Den vanlegaste årsaka er hol i tennene (karies). Andre årsaker kan vere tannfraktur eller fraktur av eldre fyllingar. Tidlegare var amalgam og kompositt dei to mest brukte fyllingsmateriala. Etter 1. januar 2008 vart det forbod mot å nytte amalgam, slik at det no er kompositt som er det vanlegaste fyllingsmaterialet.

Kva er kompositt?
Kompositt er eit lettflytande plaststoff som er tilsett mikroskopiske fyllpartiklar for å oppnå rett styrke og konsistens. Kompositt er mjukt når ein legg det på plass i tanna, og vert herda når ein lyser på det med eit sterkt blått lys. I forhold til amalgam er ei komposittfylling meir teknisk krevjande å leggje.

Kompositt kjem i mange forskjellige fargar. Desse svarar til ulike tannfargar og gjer at det er mogleg å lage estetisk fine fyllingar med dette materialet. Likevel kan kompositt ha nokre avgrensingar. Det kan til dømes vere for svakt der det vert utsett for store tyggjekrefter. I slike tilfelle kan ein alternativt nytte eit keramisk innlegg eller ei keramisk krone.

Slik er ei tann bygd opp


Ei tann består av fleire lag. Ytst har me eit sterkt, beskyttande lag som vert kalla emalje. Så kjem eit noko mjukare lag som vert kalla dentin. Lengst inne har me nervar og blodkar, kalla pulpa.

Eit hol startar som ein skade i emaljen. Så lenge holet er lite, kan ein ofte halde det i sjakk med grundig reinhald og fluorterapi. Viss holet veks, vil det kome inn i dentinet. Her vil utviklinga gå raskare, og
skaden må verte reparert med ei fylling.


Kor lenge varer ei komposittfylling?
Det er mange faktorar som avgjer kor lenge ei fylling varer:
  • Storleiken til fyllinga og plassering på tanna – ei lita fylling som er lett å halde rein, kan ein forvente at vil halde lenger enn ei stor fylling som er vanskeleg å kome til for å reingjere.

  • Bittilhøvet til pasienten – viss ein gnissar eller pressar tenner, vert både tenner og fyllingar utsette for store krefter, og levetida til fyllinga kan verte redusert.

  • Reinhald og kosthald – å hindre nye hol i tennene vil auke levetida til fyllingane.

  • Kor dyktig tannlegen er til å nytte eigenskapane til komposittet og slik lage ei best mogleg fylling, påverkar levetida.
  • Bildet viser en tann med fargeforandring under emaljen, noe som tyder på et hull.

  • Tannen er borret delvis opp, og man kan se hvordan kariesangrepet strekker seg inn i tannen.

  • Tannen er ferdig borret og klargjort for fyllingsterapi.

  • Fyllingen er ferdig lagt, pusset og polert. Tannen er klar til bruk.

loader