loader

Fyll ut skjema og bestill time

Barn og munnstell - Tannlege Førde

EMALJE TANNKLINIKK

Allereie når dei første tennene til barnet bryt fram i 6–8-månadarsalderen, bør ein begynne å halde desse reine. I byrjinga kan ein nytte ein fuktig klut, men ein kan òg introdusere tannkosten tidleg slik at barnet vert vand med at den vert nytta. Allereie no bør tennene gjerast reine to gonger kvar dag for å innarbeide gode vanar.

Born treng hjelp til tannpussen til dei er om lag ti år gamle. Det er viktig at ein vaksen hjelper til med reinhaldet minst ein gong kvar dag. Når seksårsjekslane bryt fram, er det særleg viktig å halde dessereine. Dei har ofte djupe fòrer og groper og er difor ekstra utsette for hol. Etter kvart som barnet vert eldre, vil òg tennene stå tettare. Då er det naudsynt å nytte tanntråd for å halde reint mellom dei.

Fluortannkrem har ein førebyggjande effekt på hol i tennene og kan nyttast frå dei første tennene kjem ut. Dei minste borna vil ikkje klare å spytte ut restane av fluortannkremen. Difor er det viktig å nytte ei svært lita mengde fluortannkrem.

For å vere sikker på at barnet ikkje får for store mengder fluor, kan ein eventuelt ta fluortablettar. For dei minste finst det tablettar som kan løysast opp i vatn. Styrken i ulike fluortablettar er tilpassa ulike aldersgrupper. På apoteket kan du få dei rette fluortablettane til barnet ditt.

For å være sikker på at barnet ikke får for store mengder fluor, kan man eventuelt bruke fluortabletter. For de minste finnes tabletter som kan løses opp i vann. Styrken i ulike fluortabletter er tilpasset ulike aldersgrupper. På apoteket vil du kunne få riktige fluortabletter til ditt barn.


Kosthaldet er òg ein viktig faktor ved utvikling av hol i tennene hjå born. Her kjem nokre gode råd:


  • Hjå dei minste borna er hyppig bruk av tåteflaske ei viktig årsak til hol i tennene. Unngå difor å gje tåteflaske med sukker- eller syrehaldig drikke. Dette er særleg viktig å unngå om natta når spyttproduksjonen er låg.

  • La vatn vere tørstedrikk, og gje sjeldan eller aldri saft eller brus. Det er òg viktig med regelmessige måltid frå barnet er eitt år gammalt. Stadig småeting vil føre til hyppig syrepåverknad på tennene og dermed gje utvikling av hol.
Når det gjeld søtsaker og kaker – vent lengst mogleg med å introdusere barnet for dette. Finn gjerne ein godteridag i veka. Ta gjerne diskusjonen med barnehagen om bursdagsfeiring med sunne alternativ i staden for kaker, saft og is.
loader