EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Medikamentet verkar angstdempande og roande. Korrekt dose vert bestemt av
tannlegen, og vert innteke anten som tablettar eller mikstur. Medikamentet vert utlevert når ein møter på tannlegekontoret, og skal takast om lag 30 minutt før ein startar tannbehandlinga.

Ein skal ikkje ha teke andre formar for roande medikament før tannlegetimen, utanom i situasjonar der dette er avtalt med tannlegen.

Under behandlinga er ein heile tida medveten, men ein vil vere sløv og søvnig. Mange opplev at dei ikkje hugsar så mykje frå behandlinga, og dette vert rekna som normalt. 

Faste før behandling

  • Pasienten skal møte fastande. Ein skal ikkje ha ete mat eller drukke mjølk dei siste 6 timane før tannbehandlinga..

  • Ein kan innta klare væsker inntil 2 timar før inngrepet. Dette kan vere vatn, saft, brus eller juice utan fruktkjøt.

  • Ein kan med fordel innta sukkerhaldig juice utan fruktkjøt 2 timar før behandling. Dette for å unngå lågt blodsukker..

Generell helse

Me ynskjer å gjere behandlinga så trygg som mogleg. Det er difor viktig at me har oppdaterte helseopplysningar. Ver venleg å gje beskjed om:

  • Forkjøling
  • Sjukdommar
  • Medisinbruk
  • Unormal blødningstendens
  • Allergiar
  • Tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling
  • Graviditet
Helseskjema skal vere oppdatert og fylt ut innan behandlinga startar. 


Viktig etter behandlinga
Det tek normalt mange timar før all verknaden av det roande medikamentet er ute av kroppen.

  • Unngå å køyre bil same dag.

  • Du bør følgjast heim av ein annan vaksen person.

  • Unngå viktige møter, eller at du skal ta viktige avgjersler same dag

  • Born som har fått roande medikament skal vere under oppsyn av vaksne resten av dagen.