EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Snorking er relativt vanleg, og meir utbreidd blant menn enn blant kvinner. Ein kan òg sjå at snorkinga aukar med alderen og med aukande grad av overvekt. Litt snorking har små konsekvensar for helsa, men om ein i tillegg har pustestopp (søvnapné) kan helsa
påverkast negativt. Om ein mistenker søvnapné, bør ein utredast hos søvnmedisinsk spesialist.

Korleis oppstår snorking?
Når du søv, slappar musklane i dei øvre luftvegane av. Dette fører til ei innsnevring i luftveien. Luftstraumen får vevet i drøvelen, den blaute ganen og ganebogen til å vibrere (fig. I). Det er denne vibreringa som gjev snorkelyden.



Korleis oppstår søvnapné?
Ved søvnapné vil tunga og musklane i svelget avspennast i slik grad at luftveiane vert blokkerte. Pustestopp som varar i over 10 sekund kan gje generelle helseplager dersom dei kjem ofte nok.



Symptom på snorking eller søvnapné
Høglydt snorking kan vere slitsamt både for partnaren og snorkaren sjølv. Snorking kan gje uroleg søvn og oppvakning i løpet av natta. Difor føler ein seg trøytt og uopplagd på dagtid. 

Dei som i tillegg har søvnapné, vil sove enda dårlegare og meir uroleg grunna pustestopp. Difor kan ein føle seg trøytt og uopplagd på dagtid, og samstundes ha konsentrasjonsvanskar og hovudverk. Dersom ein ikkje behandlar tilstanden, vil det gjere at ein på sikt mellom anna kan få høgt blodtrykk og hjarteproblem.

Behandling av snorking/søvnapnè
Det finst ulike måtar å angripe plager relatert til snorking eller søvnapné.
  • For overvektige kan ein vektreduksjon føre til ei forbetring. Feitt forsvinn frå vevet i
    luftveiane og gjev betre luftpassasje..

  • Unngå alkohol. Alkohol gjer at musklane slappar meir av og kan både vere årsak til, eller forverre situasjonen.

  • Stump røyken. Røyking kan gje irriterte slimhinner i luftveiane og slimdanning som kan gje redusert luftpassasje.

  • Unngå å sove på ryggen. Ved å sove på magen eller på sida kan ein
    redusere plagene. Då dett ikkje tunga bakover og stenger for luftveiane på same måte.

Dersom desse tiltaka ikkje fører fram, kan det vere naudsynt å skaffe profesjonell hjelp.
  • CPAP-maske. Ein søv med ei maske som er kopla til ein kompressor som lagar eit
    lufttrykk som held luftveiane opne.

  • Kirurgiske inngrep. Det kan vere eit alternativ å fjerne drøvelen, betente mandlar eller noko av vevet i den blaute ganen for å lette luftpassasjen. Såkalla genioplastikk og/eller ortognatisk kirurgi kan òg vere aktuelle behandlingsmetodar. Føremålet er då å føre underkjeven og muskulatur fram for å skape meir plass i luftvegane/svelget, og soleis lette luftpassasjen.

  • Søvnapné-skjene (ofte kalla snorkeskjene). Vert framstilt av ein tannteknikar og tilpassa hos tannlegen.

Kva er ei søvnapné-skjene?
Ei søvnapné-skjene er ein plastkonstruksjon som ein set på tennene om kvelden før ein
sovnar. Det finst ulike skjenealternativ på markedet, og skinna si utforming kan påverke både tilvenninga og effekten. Det vanlegaste i dag er at skinna vert framstilt i eit samarbeid mellom tannlege og tannteknikar og fungerer ved at underkjeven vert skubba fram for å halde luftveiane meir opne.



Kven kan bruke søvnapné-skjener?
Dei fleste som snorkar eller lid av søvnapné kan nytte seg av søvnapné-skjener med godt resultat. Det finst likevel enkelte begrensingar. Slike skjener kan til dømes ikkje nyttast av heilt tannlause pasientar. Dersom ein har ein kombinasjon av eigne tenner og ein delprotese, kan ein lage ei søvnapné-skjene dersom resttannsettet er godt nok. Det er tannlegen som gjer denne vurderinga.

Biverknadar ved å bruke søvnapné-skjene
Etter oppstart med søvnapné-skjene, vil ein kunne føle ømheit i tennene, sårheit i tannkjøtet og auka spyttproduksjon. Det kan òg kome ømheit i kjeveledd og tyggjemuskulatur.

Det er i tillegg ein viss fare for at delar av tenner eller fyllingar kan knekke dersom ein nyttar søvnapné-skjene.

Nokre vil føle at bitet ikkje stemmer om morgonen når ein tek skinna av. Dette går som regel over, men ein ser at det kan kome meir permanente bitforandringar etter langvarig bruk av skinna.

Tannlegar som tilbyr behandling med søvnapné-skjene har god kunnskap om søvnmedisin, verknadsmekanismen til skinna og moglege biverknader. Diagnostiseringa og behandlinga vil I nokre tilfelle vere eit samarbeid mellom tannlege og søvnspesialist.

Ta kontakt viss det er noko du lurar på.