EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Ein jeksel har furer og groper i tyggjeflata, såkalla fissurar (fig. I). Nokre fissurar kan vere tronge og djupe, slik at tannbørsten ikkje kjem til for å halde det reint. Då er det stor fare for at det etter kvart blir hol i tanna i botnen av desse furene.

Kva er ein fissurforsegling?
For å førebyggja utvikling av slike hol, kan me leggje eit tynt lag av ei tannfarga fylling som dekker fissurane (fig. II). Behandlinga er smertefri og ein nyttar ikkje bedøving. No vil det vere lettare å halde det reint nok til at det ikkje utviklar seg hol.

fig. I - “Hull i fissuren”
 fig. II - “Fissurforsegling”
 fig. I - “Hol i fissuren” fig. II - “Fissurforsegling”


Fissurforsegling kan òg nyttast dersom det allereie er eit byrjande hol i botnen av gropa. Då må ein fyrst bore vekk det byrjande holet og deretter forsegle fissuren med eit tynt lag av tannfarga fylling.

Boringa vil vere så overflatisk at bedøving i mange tilfelle ikkje er naudsynt.
Fissurforsegling er ei behandlingsform som oftast vert utført på born, men òg på vaksne som har tenner med djupe groper.

Over tid kan fissurforseglinga bli slitt. Det kan difor vere naudsynt å gjenta behandlinga på eit seinare tidspunkt.