EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
På klinikken gjev vi både behandling og oppfølging av pasientar med tannkjøtsjukdomar. Tannpleiar undersøkjer tennene og stiller diagnose i samråd med spesialist. Pasienten får deretter instruksjon i optimal tannpuss og bruk av rette hjelpemiddel.
Behandlinga handlar først og fremst om å fjerne tannstein og belegg på rotflater der bakteriar held til. Bakteriane kan gje betennelse som medfører beintap og i verste fall at tenner lausnar og fell ut.

Etter nokre veker vurderer spesialist resultatet. Då ser vi om tannpussen har vore optimal slik at tennene ikkje har fått ny tannstein og belegg som kan gje infeksjon.
Er pusseteknikken god vil mange stader vere lækte og friske, medan andre stadar enno kan ha lommer (avstand frå tannkjøtsrand og til tanna sitt festenivå over beinet). Bløding er ein annan indikasjon på vedvarande infeksjon.
Ved reins av rotflatene kan ein oppleve ising fordi desse vert eksponert for kulde og varme ved fjerning tannstein. Ising kan motverkast ved å bruke ulike tannkremar med innhald som «pluggar» porer på rotflata. Fluorskyljing kan ha tilsvarande effekt over tid.
Ein spesialist kan no vurdere kva tenner som har god prognose eller som har nok feste i beinet til å kunne vare i lang tid utan å lausne. Nokre tenner kan vere lause allereie og kan med fordel festast til nabotenner. Viss dei er smertefulle eller har dårleg prognose, bør dei fjernast.
Svært dårlege tenner med infeksjonar, men gjerne utan smerte, bør behandlast eller fjernast slik at dei ikkje påverkar andre tenner.
Nokre pasientar får utført operasjonar i tannkjøtet for å gjennopprette tapt feste for tenner. Dette er normalt kostbare operasjonar. Men å ta vare på tenner vert sett på som samfunnsøkonomisk gunstig framfor å fjerne tenner, og det vert gjeve ein god del stønad frå Helfo til dette.

Ein annan viktig effekt av operasjonar i tannkjøtet er at vi får betre innsyn i djupe lommer rundt tennene. Her kan det vere vanskeleg med optimal reins utan kirurgi 

Etter at innleiande fase og eventuelle operasjonar er utført, kjem pasienten til kontroll. Vi vurderer då kor lenge det bør gå mellom kvar gong pasient kjem til denne klinikk eller til den klinikk som eventuelt har tilvist. Vi vil då fjerne eventuell ny tannstein og sjå kor godt pasienten følgjer opp instruksjon av pusseteknikk. Samtidig gjer vi målingar av bløding for å avdekkje om tilstanden er under kontroll eller om pasienten har hatt nytt festetap.