EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Dei fleste assosierer tannlegebesøket med ein sjekk etter hol i tennene. Det er likevel viktig å vere klar over at det finst tallause andre tilstandar og sjukdomar som kan kome frå-, eller vise seg i munnhola.

Gingivitt: betennelse i tannkjøtet som fører til hevelse, ømheit og bløding ved berøring. Dette går vanlegvis over med eit grundig reinhald over tid.

Periodontitt: betennelse i støttevevet til tennene som kan få tennene til å losne. Ca. 10% av den vaksne befolkninga i Noreg er disponerte for alvorlege former for periodontitt.

Diverse sårdanningar: t.d. after eller herpessår, varer nokre dagar og forsvinn av seg sjølv. Sår som varer lengre enn 2 veker bør du kontrollere hjå lege eller tannlege.
Slimhinneforandring: t.d. lichen planus kan ha ulike overflater og farge (raudleg eller kvit). Ein bør følge med på dette og eventuelt ta biopsi viss det er mistanke om ei ondarta utvikling.

Sopp: t.d. candida albicans, kan til dømes kome etter langvarig antibiotikakur eller ved nedsett immunforsvar.

Kreft: ta kontakt med tannlege eller lege viss du oppdagar sårdanningar som ikkje vil gro. Desse vil ofte opptre på tunga eller leppene.

Infeksjon: kan t.d. kome frå tenner med hol inn til nerven, delvis frambrotne visdomstenner eller ved periodontitt (sjukdom som får tenner til å losne). Vert kjenneteikna ved hevelse, raudheit, smerte og pussdanning. Kan òg kome feber og nedsett allmenntilstand. Bør i første omgang behandle ved å drenere puss, eventuelt i kombinasjon med antibiotika.

Skadar etter snus: forandringar i slimhinna vil vanlegvis normalisere seg viss ein sluttar å snuse, større skadar (t.d. i tannkjøtet) vil vere permanente.

Kjevecystar: kan vere vanskelege å oppdage på annan måte enn ved røntgenbilete.
Dette er berre ein liten del av dei tilstandane ein kan finne i munnhola, men dei alvorlege tilstandane får ein heldigvis sjeldan. Ein anbefalar likevel å få munnen kontrollert regelmessig hjå tannlege eller tannpleiar.