EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Tannpleieryrket
Tannpleiarane er ei autorisert yrkesgruppe med ei treårig bachelorutdanning. Tannpleiarane arbeider hovudsakleg med å førebyggje sjukdom i tenner og munnhola. Gjennom arbeid med alle aldersgrupper i befolkninga har tannpleiarane ei sentral rolle i tannhelsetenesta, og i resten av helsetenesta.

Dei fleste tannpleiarar er tilsette i den offentlege tannhelsetenesta, men stadig fleire arbeider i privat sektor. I privat og offentleg teneste vil tannpleiaren kunne tilby ei rekkje tenester som fremjar tannhelse. Dette inneber både informasjon, diagnosestilling og kliniske arbeidsoppgåver. Tannpleiaren samarbeider tett med tannlegen og vil tilvise pasienten vidare ved behov.


Kva type behandling kan tannpleiaren tilby?

Privat sektor
Store delar av befolkninga har god tannhelse og dei kan gå til tannpleiar for å få utført årlegerutinekontrollar. Tannpleiaren utfører undersøking av tenner og munnhole, det vert teke røntgenbilete ved behov, og eventuell tannstein og misfarging på tennene vert fjerna.

Ei anna viktig oppgåve er diagnostisering og behandling av periodontitt, ein tannkjøtsjukdom som kan føre til at tennene losnar. Tannpleiaren vil då kartleggje behandlingsbehovet og lage ein behandlingsplan. Tannpleiaren rettleier i reinhald og bruk av eigna hjelpemiddel og fjernar tannstein og plakk frå overflata til tennene. Tannpleiaren utarbeider òg eit opplegg for vidare oppfølging. Ved
behov vert det tilvist vidare til tannlege eller spesialist i tannkjøtsjukdomar.

Tannpleiaren er òg utdanna i å informere om tennene og tilstanden i munnhola. Basert på funna vil tannpleiaren gje individuell rettleiing for å førebyggje munnhelseproblem. Både reinhald, kosthaldsvanar og rett bruk av fluor er emne tannpleiaren vil informere om. Tannpleiaren vil òg kunne gje nyttige råd ved til dømes røykeslutt, tørrleik i munnen eller dårleg ande..

Elles kan tannpleiaren til dømes fjerne sting, behandle følsame tannhalsar, setje på tannsmykke, gjere traumekontrollar og leggje provisoriske fyllingar.


Tannpleiar i offentleg tannhelseteneste
Tannpleiarar i den offentlege tannhelsetenesta vil for det meste ha dei same arbeidsoppgåvene som ein tannpleiar som jobbar i privat praksis. Tannpleiaren jobbar oftast i førstelinjetenesta, det vil seie at tannpleiaren tek røntgen, undersøker pasienten og informerer pasienten korleis ein kan ta vare på eigen munn- og tannhelse. Er det behov for vidare behandling, vert pasienten tilvist til tannlegen.

I offentleg tannhelseteneste er ein stor del av pasientgruppa born og unge. Det første møtet med den offentlege tannhelsetenesta skjer vanlegvis i løpet av det året barnet fyller tre. Det vil som regel vere ein tannpleiar som møter barnet første gong, og målet er å gjere barnet trygt i ein ny og ukjend situasjon. Tannpleiaren vil difor gjennomføre ei gradvis tilvenning for å skape ein positiv relasjon mellom barn og behandlar.

Mange offentlege tannpleiarar samarbeider tett med primærhelsetenesta gjennom målretta tiltak mot born og unge i barnehage og grunnskulen, funksjonshemja og eldre. Det vert då fokusert på informasjon om kosthald og reinhald og at det er viktig med gode vanar.

Offentleg tilsette tannpleiarar underviser på vidaregåande- og høgskulenivå innan helse- og sosialfag, og dei deltek i opplæringsarbeidet innan munn- og tannhelse for tilsette ved sjukeheimar og andre institusjonar.


Tannpleiaren arbeider både individuelt med den enkelte pasienten og i helseteam. Målet med helsefremjande tiltak er at befolkninga skal bevare ei god munnhelse gjennom livet.


Fakta om tannpleiaren:

  • Dei første elleve norske tannpleiarane vart uteksaminerte i Oslo i 1925. Utdanninga var den gongen eittårig.

  • Tannpleiarane fekk autorisasjon i 2001. Utdanninga har sidan 2003 vore treårig.

  • Tannpleiere arbeider helsefremmende og forebyggende både i privat og offentlig sektor.