EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Mjølketenner:
Når små born skadar mjølketennene sine, er det som regel framtennene i overkjeven det går ut over. Eit traume mot ei mjølketann vil ofte føre til at tanna vert slått laus eller at den endrar posisjon. Den kan òg verte slått heilt ut eller innover i kjeven.










I det siste tilfellet kan ein risikere at mjølketanna lagar ein skade i anlegga til dei permanente tennene som ligg i kjeven. Det er avgrensa kva tannlegen kan gjere med skada mjølketenner. Behandlinga vil ofte fokusere på å unngå skade på tannanlegget til den permanente tanna.

Råd ved traume / skada mjølketenner
  • Ro ned og trøyst barnet. Fjern eventuelle lause tannbitar frå munnen til barnet.

  • Ved mykje bløding kan ein forsiktig vaske vekk blod for å få oversikt over skaden.

  • Ta kontakt med offentleg tannlege for kontroll, dokumentasjon av skaden og vidare
    oppfølging.

Behandling hjå tannlegen
Tannlegen registrerer skaden og prøver å stille rett diagnose. Det er viktig å finne ut om traumet kan ha skada dei permanente tannanlegga. Barnet må kontrollerast vidare hjå tannlegen basert påomfanget av skaden.

Det er viktig å følgje med sjølv og ta kontakt med tannlegen dersom
  • tanna endrar farge
  • tanna stadig vert lausare
  • det utviklar seg ein kul eller hevelse i tannkjøtet over tanna
  • barnet plagast med vedvarande smerter eller ømheit når det et

Permanente tenner:

Ved skadar på det permanente (vaksne) tannsettet er det viktig å få skaden vurdert av ein tannlege så snart som mogleg. Då kan tannlegen registrere skaden, stille diagnose og leggje ein behandlingsplan/oppfølgingsplan.










I tilfelle der den permanente tanna er slått heilt ut, er det viktig finne denne så snart som mogleg. Det er viktig at ein ikkje rører ved sjølve rota. Dersom rota til tanna har synleg skit og smuss, bør denne gjerast rein på ein skånsam måte med rennande vatn. Alternativt kan ein reingjere den i munnen, ved hjelp av eige spytt. Dersom barnet er ungt av alder, kan ein av foreldra reingjere tanna i sin eigen munn.

Når tanna er rein, kan ein forsiktig prøve å setje den tilbake på plass i munnen til den som er skada. Dersom tanna er tilbake på plass innan nokre få minutt, aukar ein moglegheita for å redde den.

I dei tilfella der ein ikkje klarer å setje tanna tilbake på plass, må ein ta den med til tannlegen. Det er tilrådd å frakte den i munnen (anten til ein forelder for unge born, eller barnet sin eigen munn dersom alderen tillet det). Alternativt kan ein frakte tanna i eit glas eller ein behaldar med mjølk. Dermed unngår ein at rota tørkar ut, og aukar moglegheita for å redde tanna.

Eksempler på tannskader på permanente tenner:

Brot der delar av tannkrona manglar.


Brot inn til nerven til tanna, der delar av krona manglar.


Brot til nerven til tanna, der heile tannkrona er vekke..


Brot på rota.


Tanna er slått oppover i kjevebeinet.


Tanna er slått litt ut av stilling.


Tanna har endra stilling i stor grad, med tilhøyrande brot av kjevekam.


Tanna er slått ut.