EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Det herskar liten tvil om at røyking er helseskadeleg. Dess meir ein røyker, dess større kan konsekvensane verte. Røyking kan føre til alvorlege sjukdomar som lungekreft, kreft i munnhola, kols og hjarte- og karsjukdomar. I tillegg finst ei rekkje mindre alvorlege helseplager som òg kan relaterast til røyking. Ein kan til dømes nemne nedsett fruktbarheit, redusert lukt- og smaksoppleving, nedsett lungekapasitet og dårleg ande.

Tennene kan òg verte påverka av røyking. Det mest synlege er ofte misfargingar som set seg på tennene og i fyllingskantar, og gjev eit skjemmande smil. Vidare er om lag ti prosent av den vaksne befolkninga i Noreg disponert for å utvikle alvorleg periodontitt. Dette er ein betennelsestilstand som gjer at kjevebeinet kring tennene vert brote ned, slik at tenner losnar og dett ut. Hjå røykarar vil utviklinga av periodontitt gå raskare, og tilstanden vil vere vanskelegare å behandle enn hjå ikkje- røykarar.

Slutte å røyke

Det finst mange gode grunnar for å slutte å røyke. Mange opplever likevel at det er svært vanskeleg å få det til. Noko av det viktigaste for å lukkast er å vere godt motivert. Ein må difor hugse på at røykeslutt raskt gjev redusert risiko for sjukdomsutvikling.

Mange som sluttar å røyke, klarer dette på eiga hand. Oftast må ein gjere fleire forsøk, men sannsynet for å lukkast aukar for kvar gong. Difor gjeld det å ikkje gje opp.

Nokre vil trenge hjelp og støtte for å det til. Hovudprinsippa vil i desse tilfella vere rettleiing kombinert med medikamentell behandling.

Fastlegen, tannhelsepersonell og heimesida www.slutta.no vil kunne gje gode råd og rettleiing ved røykeslutt. Dette kan ein kombinere med nikotinplaster, nikotintyggjegummi eller reseptbelagde medikament for best mogleg verknad. Slike medikament dempar abstinensplager og gjer at overgangen til eit røykfritt liv går lettare.

6 råd ved røykeslutt
  • Planlegg røykeslutten. Finn motivasjon til å slutte, og bestem ein sluttdato.

  • Trapp ned røykinga først. Dette kan gjere overgangen til røykeslutt lettare.

  • Når du sluttar – slutt heilt! Det er òg viktig å ha ein plan for kva du skal gjere når
    røyksuget kjem.

  • Nytt deg av hjelpemiddel som minskar abstinensane (t.d. nikotinplaster). Dette aukar sannsynet for å lukkast.

  • Oppsøk hjelp viss du ikkje klarer å slutte på eiga hand. Både røykesluttkurs og program for røykeslutt på nett kan vere til stor hjelp. Sjekk òg ut appen Slutta. Dette er ein gratis app som kan gjere det lettare å slutte med røyk eller snus.

  • Mange vil oppleve vektauke etter røykeslutt. Pass difor på kosthaldet, og forsøk å trene regelmessig i denne perioden.