EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Det er mange tilhøve som over tid kan svekkje estetikken til tennene. Tennene kan til dømes få hol og verte reparerte med fyllingar, dei kan verte misfarga av det me et og drikk, dei kan få slitasjeskadar etter tannbørsten eller sprekkdanningar i emaljen som trekkjer til seg misfargingar.

Dersom ein ynskjer finare tenner igjen, kan ein i nokre tilfelle løyse det ved hjelp av keramiske kroner.

Framstilling av ei krone:
For å lage ei krone må ein slipe og forme til det som er igjen av tanna (fig. II). Ein tek eit avtrykk, før ein dekkjer den slipte tanna med ei provisorisk krone. Etter om lag éi til to veker er den permanente krona ferdig og kan verte sementert på plass (fig. III og IV). Fargen og fasongen til krona er tilpassa dei andre tennene slik at resultatet vert fint (fig. V).








figur I
figur II
figur III
figur IV figur V 

Heile prosessen er krevjande og teknisk vanskeleg både for tannlegen og tannteknikaren. Difor er prisen for ei krone høgare enn for ei fylling.

Kva er krona laga av?

Det finst fleire ulike kronetypar, og desse har forskjellige eigenskapar når det gjeld styrke og estetikk. Dei vanlegaste typane er 1) heilkeramiske kroner og 2) kroner med ein kjerne av metall med porselen (keram) brent utanpå.

Heilkeramiske kroner (reine porselenskroner) har god estetikk og vert først og fremst nytta der kravet til eit fint resultat er spesielt høgt. No finst det svært sterke keram, slik at ein nokre gonger kan nytte denne kronetypen på tenner med større tyggjetrykk.

Kor lenge varer ei krone?

Det er meininga at ei krone skal vare i mange år. Likevel er det nokre tilhøve som kan korte levetida til ei krone:

Brot på porselenet: Ei krone vert utsett for store krefter når ein tygg. Uheldig belasting kan over tid føre til at bitar av porselenet knekk av. Dette har normalt inga praktisk betyding og kan i nokre tilfelle verte reparert med ei fylling. Dersom funksjonen eller estetikken til krona vert vesentleg svekt, kan det vere naudsynt å lage ei ny krone.

Karies i kronekanten: Det kan ikkje verte hol i sjølve krona. Derimot kan det kome hol i tanna nedanfor krona. Nokre gonger kan ein reparere slike hol med ei fylling. Dersom holet er stort, kan det vere aktuelt med ny behandling.

Tannsmerter/rotfylling:
Ein del tenner med djupe hol og store fyllingar kan etter kvart få redusert blodomløp i nerven. Dei er difor meir utsette for betennelse og infeksjonar, som kan føre til tannsmerter. Dette gjeld òg tenner som er slipte og påsette ei krone. For å rotfylle ei tann med krone må ein bore ei opning gjennom krona og inn til nerven. Opninga vert tetta med ei fylling etter at tanna er ferdig rotfylt.

Slik tek du best mogleg vare på krona:
 
1. Bruk tannbørste nøye, men forsiktig i tannkjøtkanten slik at tannkjøtet ikkje vert skada og trekkjer seg tilbake. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når busta spriker.




2. Gjer reint mellom tennene minst ein gong kvar dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. Har ein større mellomrom mellom tennene, vil tannstikkarar eller mellomromsbørstar eigne seg best. Mellomromsbørstar kjem i ulik storleik og vert nytta på same måte som tannstikkarar.




3. Skyl regelmessig med fluor for å unngå karies i kronekanten. Fluor styrkjer tennene og er difor viktig for å førebyggje karies.