EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Ein heilprotese er ei tannerstatning ein nyttar når alle tennene i kjeven manglar. Den består av eit plastmateriale som fungerer som feste for kunstige tenner i plast. Heilprotesen vert laga av ein tannteknikar etter eit nøyaktig avtrykk av kjevekammen. Framstillinga krev fleire tannlegebesøk.

Hva er en helprotese?
En helprotese er en tannerstatning som benyttes når alle tennene i kjeven mangler. Den består av et plastmateriale som fungerer som feste for tenner i plast eller porselen. Helprotesen lages av en tanntekniker etter et nøyaktig avtrykk av kjevekammen. Fremstillingen krever flere tannlegebesøk.

Kva er ein immediatprotese?
Ein immediatprotese er ein provisorisk protese som vert sett inn like etter at dei dårlege tennene er fjerna. Det vert på førehand teke avtrykk av overkjeven og underkjeven, og sjølve protesen vert laga av ein tannteknikar.

Fordelen med immediatprotesen er at ein slepp å gå utan tenner etter at desse er fjerna. Kjeven vil kjennast sår den første tida etter at protesen er sett inn. I tillegg vil kjevekammen gjennomgå endringar når såret gror, noko som gjer at tilpassinga gradvis vert dårlegare. Då vil det vere naudsynt
med ny behandling.

Tilvenning til protesen
Det tek tid å venne seg til den nye protesen. For deg som får protese for første gong, kan vanlege plager like etter innsetjing vere auka spyttproduksjon, kjensla av å vilje brekke seg og plagsam oppsamling av mat. Vidare vil det ta tid før muskulatur og slimhinner er vande med den nye situasjonen. I tilvenningsperioden bør ein difor halde seg til flytande føde og mat som er lett å tyggje. Maten kan delast opp og tyggjast forsiktig. Det kan likevel oppstå ømme punkt og gnagsår i munnen der protesen pressar for hardt. Tannlegen kan korrigere dette ved å slipe på protesen.

Mange vil oppleve at det i starten er vanskeleg å snakke tydeleg med den nye protesen. Særleg lyden «s» kan vere vanskeleg. Trening i form av å lese høgt for seg sjølv vil framskunde tilvenninga. Viss uttalevanskane varer ved, kan det vere naudsynt med korreksjon hjå tannlegen.

Kor lenge varer protesen?
Ein protese er ikkje eit eingongskjøp. Gradvis endring av kjeven gjer at protesen med tida vert lausare og difor ikkje fungerer like godt. Det er då mogleg å «fore» den slik at ein tilpassar den til dei endra tilhøva i munnen. Tidsintervallet for dette vil kunne variere frå person til person og må difor vurderast individuelt.

Reinhald
Protesen må gjerast rein éin til to gonger kvar dag med mjuk tannbørste eller spesialbørste. I tillegg til protesetennene er det særleg viktig å pusse innsida av protesen nøye. Ved reingjering kan ein til dømes nytte tannpasta med lite slipemiddel, eller Zalo. Ein bør halde protesen over ein vask fylt med vatn for å unngå at den vert skada om ein skulle miste den ned. Nytt deg gjerne av protesereinsemiddel, men følg bruksrettleiinga for produktet nøye.

Reingjer gommar, gane og tunge forsiktig med ein mjuk børste. Mangelfullt reinhald kan gje dårleg smak i munnen, soppdanning i slimhinna og dårleg ande.

Oppbevaring:
Det er ein fordel å ta protesen ut om natta. Då reduserer ein risikoen for soppdanning i slimhinna. Når protesen ikkje er i munnen, bør du oppbevare den fuktig, til dømes i eit glas med vatn. Viss ein likevel vil bruke protesen om natta, må både protesen og munnen reingjerast grundig før ein går til sengs.

Dersom ein er plaga med tendens til soppinfeksjon i slimhinna under protesen, må ein oppbevare den tørt over natta etter grundig reingjering. Å skylje munnen med Corsodyl kan òg tilrådast i slike tilfelle. Du må følgje opp tilstanden hjå tannlegen din.

Sjølv om ein har heilprotese, er det viktig å gå til tannlegen årleg for ei undersøking.