EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Eit innlegg er ei tannrestaurering som kan verte nytta som eit alternativ til tannfarga fyllingar i plast. Det vert nytta til å reparere tenner som er skada av hol eller frakturar.

Framstilling av eit innlegg
Ofte vert det laga innlegg i tenner som har store fyllingar frå før (fig. I). Først må ein fjerne den gamle fyllinga og slipe tanna (fig. II). Så tek ein eit avtrykk, før ein dekkjer tanna med eit provisorisk fyllingsmateriale. Avtrykket vert deretter sendt til ein tannteknikar, som er den som lagar sjølve innlegget. Etter éi til to veker er innlegget ferdig, og ein kan sementere det på plass (fig. III og IV).








figur I
figur II
figur III
figur IV

Heile prosessen er tidkrevjande og teknisk vanskeleg både for tannlegen og tannteknikaren. Det er difor prisen for eit innlegg er høgare enn for ei vanleg fylling.


Kva er innlegget laga av?
Det finst forskjellige typar innlegg, som har ulike eigenskapar når det gjeld styrke og estetikk. Dei to vanlegaste typane er 1) gullinnlegg og 2) keramisk innlegg (porselensinnlegg). Fordelen med gullinnlegg er at dei ikkje kan knekke. Den største ulempa er at dei er gullfarga. Det er difor mange heller vel keramiske innlegg. Desse er òg svært sterke og har ein overlegen estetikk.

Både gullinnlegg og keramiske innlegg vert normalt laga av ein tannteknikar, og framstillinga krev minimum to tannlegebesøk.
Dei seinare åra er det kome metodar der tannlegen kan framstille ei form for porselensinnlegg sjølv. Då er det mogleg å få behandlinga utført i løpet av eitt besøk.

Kor lenge varer eit innlegg?
Det er meininga at eit innlegg skal vare i mange år. Likevel er det ein del tilhøve som kan korte nedlevetida til eit innlegg:

Brot på porselenet: Eit innlegg vert utsett for store krefter når ein tygg. Uheldige belastingar kan over tid føre til at delar av innlegget knekk. Viss funksjonen eller estetikken til innlegget vert vesentleg svekt, kan det vere naudsynt å lage eit nytt innlegg.

Karies: Det kan ikkje verte hol i sjølve innlegget. Derimot kan det kome hol i overgangen mellom innlegget og tanna. Dersom holet er stort, kan det vere naudsynt å lage eit nytt innlegg.

Tannsmerter/rotfylling: Ein del tenner med djupe hol og store fyllingar kan etter kvart få redusert blodomløp i nerven. Dei er difor meir utsette for betennelse og infeksjonar, som kan føre til tannsmerter. Dette gjeld òg tenner som er behandla med innlegg. For å rotfylle ei tann med innlegg må ein lage ei opning gjennom innlegget og inn til nerven. Dette vil ofte svekkje innlegget i ein slik grad at ein ikkje kan nytte det vidare. Det kan difor vere naudsynt å lage ei krone på tanna etter at
rotfyllinga er ferdig.


Slik tek du best mogleg vare på innlegget: 



1. Bruk tannbørste nøye, men forsiktig i tannkjøtkanten slik at tannkjøtet ikkje vert skada og trekkjer seg tilbake. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når busta spriker.


2. Gjer reint mellom tennene minst ein gong kvar dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. Har ein større mellomrom mellom tennene, vil tannstikkarar eller mellomromsbørstar eigne seg best. Mellomromsbørstar kjem i ulike storleikar og vert nytta på same måte som tannstikkarar.


3. Unngå å småete mellom måltida, og reduser mengda sukkerhaldig kost for å unngå karies i overgangen mellom innlegget og tanna. Skyl regelmessig med fluor. Fluor styrkjer tannemaljen og er difor viktig for å førebyggje karies.