EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Trinnvis ekskavering / midlertidig fylling
Dersom eit kariesangrep er svært djupt (fig. I), er det fare for gjennomslag til pulpa (nerven) når ein reinsar holet. For å unngå dette kan ein prøve trinnvis ekskavering. Då reinsar ein i første omgang holet nesten reint og tettar det med ei mellombels fylling (fig. II).

Den mellombelse fyllinga legg til rette for at pulpa kan «trekkje seg saman» (fig. III). På denne måten vert det danna ein tjukkare vegg mellom pulpa og det attståande kariesangrepet. Seinare fjernar ein den mellombelse fyllinga, reinsar heilt reint og legg ei permanent fylling (fig. IV). Det er vanleg å vente 3–12 månadar før ein legg den permanente fyllinga. 








figur I
figur II
figur III
figur IV

Målet med behandlingen
Målet med ei trinnvis ekskavering er å unngå at pulpa vert infisert av bakteriar og på denne måten hindre at tanna må verte rotfylt. Sjølv om behandlinga i første omgang er vellukka, kan ein likevel ikkje sjå vekk ifrå at tanna kanskje må verte rotfylt på sikt.


Viktig!


  • Den mellombelse fyllinga er først mjuk og vert gradvis sterkare. Det er difor viktig at ein i starten let fyllinga vere i ro og ventar om lag ein time før ein et.

  • Ei mellombels fylling vert aldri like sterk som ei vanleg fylling. Ver difor litt forsiktig når du tygg. Ta kontakt viss det knekk større bitar av den mellombelse fyllinga.

  • Tanna rundt den mellombelse fyllinga er svekt. Ta kontakt viss noko av tanna dett av.

  • Ikkje nytt tannstikkarar eller tanntråd i området ved den mellombelse fyllinga. Puss elles tennene som normalt.