EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Karies er ein svært vanleg tannsjukdom som kan føre til store plager viss ein ikkje behandlar den. Sjukdomen inneber at tannsubstans vert løyst opp av syre som vert produsert av bakteriar i munnhola. Heldigvis er det mykje ein kan gjere sjølv for å motverke og førebyggje karies.

Slik er ei tann bygd opp
Ei tann består av fleire lag. Ytst har me eit sterkt, beskyttande lag som vert kalla emalje. Deretter kjem eit litt mjukare lag som vert kalla dentin. Lengst inne har me eit holrom fylt med nervar og blodkar, som vert kalla pulpa.



Utvikling av karies
I munnen finst det mange typar bakteriar med ulike roller og eigenskapar. Nokre av desse kan feste seg til overflata på tennene og etter kvart danne eit bakteriebelegg, som vert kalla for plakk. I plakket kan bakteriane produsere syre ved hjelp av sukker frå maten me et. Viss bakteriebelegget ikkje vert fjerna ofte og grundig nok, vil syra begynne å løyse opp tannemaljen, og sakte, men sikkert vil holet i tanna utvikle seg.

Ein kan sjå eit begynnande hol som eit lite, kvitt, matt felt på ei intakt tannflate. På dette stadiet er det ikkje naudsynt med fyllingsbehandling. Eit fornuftig kosthald, grundig reinhald og ekstra fluortilførsel kan stogge utviklinga av kariesangrepet. Så lenge emaljen ikkje har brote saman, kan ein prøve å stoppe kariesangrepet på denne måten.

Over tid kan likevel emaljen verte så porøs at den bryt saman, og det vert danna eit «hol». No kan bakteriane angripe dentinet (tannbeinet) i tanna. Denne delen av tanna er mjukare enn emaljen, og utviklinga vil gå fortare. Det er difor naudsynt å stoppe holet med ei fylling.









Ubehandla karies vil etter kvart strekkje seg inn til pulpaen til tanna. Når dette skjer, vil pulpaen verte infisert av bakteriar og etter kvart døy. Denne prosessen kan vere svært smertefull og gje kraftig tannverk. I slike tilfelle kan det vere naudsynt med rotfylling dersom ein skal kunne behalde tanna.


Korleis kan ein førebyggje karies?
Reinhald 
 
 
 
 
 
 

Mange faktorar speler inn når det gjeld å førebyggje karies. For det første er det viktig med godt reinhald. Reingjering av tennene tek sikte på å fjerne plakket og dei syreproduserande bakteriane. Ein fjernar samstundes matrestar som bakteriane kan bruke som næring.

I tillegg til grundig bruk av tannbørsten bør ein òg dagleg halde det reint mellom tennene. Alt etter kor tett tennene står, kan ein bruke tanntråd, tannstikkarar eller mellomromsbørstar. Tannlegen eller tannpleiaren kan hjelpe med å finne ut kva som vil eigne seg best.

Kosthald



Dei syreproduserande bakteriane nyttar sukker som næring. Dette bør ein ta omsyn til når ein et og drikk, og redusere mengda sukker i kosten. I tillegg bør ein ikkje småete mellom måltida, sidan dette vil føre til meir hyppig syreproduksjon, som då er ei større belasting for emaljen. Ein bør særleg unngå stadig inntak av brus eller sukkerhaldige sportsdrikkar (brusflaske med skrukork kan vere
særleg ugunstig for tennene).

Fluor

Fluor styrkjer tannemaljen og er difor viktig for å førebyggje karies. For mange er det tilstrekkeleg å bruke tannkrem som inneheld fluor. Viss ein lett får hol i tennene, kan det vere naudsynt med ekstra fluor. Då kan ein til dømes bruke fluortablettar, fluorskyljevatn eller pensle på effektiv fluorlakk hjå tannlegen eller tannpleiaren.

Det er òg andre faktorar som er med på å avgjere kor lett ein får hol i tennene, til dømes kor godt spyttet evnar å nøytralisere syre, mengda spytt ein produserer, og kva typar bakteriar ein har i munnen. Ein kan òg seie at arv har noko å seie for kor lett ein får hol i tennene.

Viss ein har begynnande hol, er det viktig å få kontrollert tennene regelmessig hjå tannlege eller tannpleiar. Slik kan ein fange det opp dersom dei begynnande hola utviklar seg vidare og vert større.