EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Mykje av det me et og drikk i det daglege, kan misfarge tennene. Dette gjeld til dømes kaffi, te, røyk,snus og raudvin. Slike misfargingar legg seg som eit mørkt belegg på tannoverflata og kan vere vanskeleg å fjerne sjølv.



Tannlegen eller tannpleiaren kan fjerne overflatisk misfarging ved å pusse og polere tennene. Då nyttar ein vanlegvis ein spesiell pussepasta med ekstra slipemiddel. Alternativt kan ein nytte saltblåsing for å fjerne misfargingane. Det er normalt at ein samstundes fjernar tannstein, sidan det òg set seg misfarging her.

Sjølv om tennene kan sjå lysare ut etter puss og polering, er det ikkje den eigentlege fargen til tennene som er endra. Dersom ein ynskjer lysare tenner, må ein gjere det med tannbleiking..

Ynskjer du mindre misfarging på tennene? 
Det mest openberre ein kan gjere for å få mindre misfarging på tennene, er å redusere inntaket av matvarer som misfargar – kaffi, te, røyk, snus og så vidare. I tillegg vil grundig reinhald redusere danning av nye misfargingar – her vil ein elektrisk tannbørste vere særleg effektiv. Det finst òg spesialtannkrem som inneheld ekstra slipemiddel. Slike tannkremar bør ein vere forsiktig med å bruke, sidan overdriven bruk kan gje slitasjeskadar på tennene.