EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Kva er ein fasett?


Ein fasett er eit tynt skal av porselen som ein limer fast på ytterflata til tanna. Ein kan nytte fasettar for å endre fasong eller farge på tennene eller for å reparere ei skada tann (til dømes dersom det er slått av eit hjørne). Ein kan òg nytte fasettar for å redusere eller lukke mellomrom mellom framtennene.

Framstilling av ein fasett:
Det første tannlegen gjer, er å fjerne eventuelle gamle fyllingar i tanna og slipe vekk den delen av tannflata som skal verte dekt av fasetten. Deretter tek ein eit avtrykk av tennene og sender dette til ein tannteknikar. Tannteknikaren framstiller porselensfasetten med ein farge og fasong som harmonerer mest mogleg med dei andre tennene. Dette tek normalt éi til to veker. Til sist kan tannlegen lime fasetten fast til tanna med eit eigna festemiddel.








Fordelar med ein fasett

Alternativet til ein fasett vil i mange tilfelle vere ei keramisk krone. På same måte som ei krone er fasetten ei behandling knytt til høg grad av estetikk. Fasettane liknar òg naturlege tenner og vert heller ikkje misfarga. Ein kan nytte både fasettar og kroner til å korrigere mindre tannstillingsfeil, utan at ein treng å gå med tannregulering.


Før


Etter


I motsetning til ei krone som dekkjer heile tanna, dekkjer ein fasett berre ein del av tanna. Fasetten krev med andre ord mindre sliping på tanna enn om ein lagar ei krone. Å lage ein fasett er difor ei meir skånsam behandling, og risikoen for uheldige biverknadar som kan føre til tannsmerter, vert redusert.

Hva kostar ein fasett?
Å framstille ein fasett er tidkrevjande og teknisk vanskeleg, både for tannlegen og tannteknikaren. Behandling med fasettar er difor dyrare enn til dømes vanlege fyllingar. Ein kan difor be om eit skriftleg kostnadsoverslag i forkant av behandlinga.

Kor lenge varer ein fasett?

Det er meininga at ein fasett skal vare i mange år. Likevel er det ein del tilhøve som kan korte ned levetida:

Brot på porselenet: Ein fasett kan verte utsett for store krefter når ein tygg. Uheldige belastingar kan over tid føre til at delar av porselenet knekk av. Dersom funksjonen eller estetikken vert vesentleg svekt, kan det vere naudsynt å lage ein ny fasett.

Karies:
Det kan ikkje verte hol i sjølve fasetten. Derimot kan det kome hol i tanna nedanfor fasetten. Ofte kan ein reparere eit slikt hol med ei fylling. Dersom holet er stort, kan det vere naudsynt å framstille ein ny fasett eller ei krone.

Fasett som losnar:
Sjølv om fasetten vert festa med sterkt lim, kan det hende at den losnar. Dersom dette skulle skje, kan ein ofte lime den på plass att. Ein bør difor ta fasetten med til tannlege snarast om den skulle losne.

Slik tek du best mogleg vare på fasetten:

 

1. Børst tennene grundig to gonger kvar dag. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når busta spriker.




2. Gjer reint mellom tennene minst ein gong kvar dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. Har ein større mellomrom mellom tennene, vil
mellomromsbørstar eigne seg best. Desse kjem i ulike storleikar og vert nytta på same måte som tannstikkarar.


3. Unngå småeting mellom måltida, og reduser mengda sukkerhaldig kost for å unngå karies i overgangen mellom fasetten og tanna. Skyl regelmessig med fluor, som styrkjer tannemaljen og er viktig for å førebyggje karies.