EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Kva er eit implantat?
Tannimplantat vert nytta til å erstatte manglande tenner. Desse vert operert inn i kjevebeinet. Når beinet har grodd rundt implantata, lagar ein sjølve tannerstatninga. Behandlinga er ein prosess som strekk seg over fleire tannlegebesøk og krev grundige forundersøkelsar og nøye planlegging. Moderne implantatbehandling er ei sikker og trygg behandling med god prognose og
haldbarheit.


fig I


fig II


fig III


fig IV


Behandlinga steg for steg:

1. Innsetjing av implantat (fikstur) (fig. I-II). Operasjonen vert utført under lokalbedøvelse. Etter inngrepet vil ein motta meir utfyllande informasjon. Slik veit ein korleis ein skal forholde seg i tida etter operasjonen.

2. Læking. Det tek vanlegvis 8-12 veker før ein kan belaste implantata. Det tek normalt kortare tid for underkjeven å lækje enn overkjeven.

3. Framstilling og montering av krona (fig. III-V). Det er ein tannteknikar som lagar sjølvekrona. Krona vert vanlegvis festa til implantatet med ei skrue, slik at den seinare kan takast av ved behov. Dette krev vanlegvis 2 eller fleire tannlegebesøk.


Kva kostar implantatbehandling?
Implantatbehandling er ei omfattande og kostbar behandling. Ein bør difor motta eit skriftleg kostnadsoverslag før ein startar behandlinga.


Kven kan få implantat?
Dei aller fleste kan få sett inn implantat, og høg alder er i seg sjølv inga hindring. Det er likevel naudsynt med ei grundig forundersøking før ein set i gong med behandlinga. Ein tek røntgenbilete for å vurdere høgda, breidda og kvaliteten til kjevekammen. Munnhola må vere fri for infeksjonar ogtannlosningssjukdom (periodontitt).

I dei tilfella der det ikkje er nok attverande kjevebein til å setje inn implantat, finst det metodar for å bygge kjeven opp att. Når dette er naudsynt vert behandlingstida forlenga med 4-6 månadar. Ikkje alle kan behandlast på denne måten, og kvar enkelt pasient vert difor vurdert ved behov for dette.

Storrøykarar bør ikkje få implantat.

Viktig informasjon etter implantatbehandling
  • Den første tida etter innsetting av implantatet vil ein kunne oppleve ein viss hevelse og blåmerker i andletet. Ein kan òg føle seg nomen i operasjonsområdet, men dette er med svært få unntak forbigåande.

  • Ein sjeldan gong kan ein oppleve at eit eller fleire implantat ikkje vil feste seg i kjeven, sjølv etter lækjeperioden på 8-12 veker.

  • Nokre er disponerte for å få tannlosningssjukdom (periodontitt) som får tennene til å losne. Det kan òg kome nedbryting av kjevebein kring innsette implantat, og det vert då kalla peri- implantitt. Dette kan ein ofte behandle, men i verste fall må implantatet fjernast. Det er difor minst like viktig å vere nøye med reinhald av implantatarbeidet som med eigne tenner.

  • Ei tannerstatning som er festa til implantat fungerer for dei fleste pasientar som eigne tenner, og den synlege delen av erstatninga ser ut som naturlege tenner. Eit tannimplantat har likevel ikkje same form som ei tannrot, og det kan vere vanskeleg å gje overgangen mellom implantat og krone ein naturleg utsjånad.
Generell helse
Me ynskjer å gjere inngrepet så trygt som mogleg. Det er difor viktig at me har oppdaterte helseopplysningar. Ver venleg å gje beskjed om:
  • Sjukdommar
  • Medisinbruk
  • Unormal blødningstendens
  • Allergiar
  • Røykevanar
  • Tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling
  • Graviditet
  • Angst for tannbehandling
For å få best mulig prognose må ein:
  • Ha munnhula fri for infeksjonar og periodontitt før ein starter behandlinga.
  • Ikkje røyke.
  • Halde grundig reint kring implantatene. Hugs at kravet til munnhygiene og regelmessig kontroll hos tannlege er det same som for naturlege tenner.