EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Kva er gingivitt?
Gingivitt er ein betennelse i tannkjøtet (gingiva).

Teikn på gingivitt
Eit friskt tannkjøt har lys raud farge og ligg stramt inntil tennene (fig. I). Eit betent tannkjøt får ein mørkare raudfarge, det vert hovent og kan kjennast ømt ved berøring. Vidare vil ein kunne oppleve at tannkjøtet blør ved reingjering, og at det ligg mindre stramt inntil tennene.


Korleis oppstår gingivitt?
Mangelfullt reinhald kan over tid føre til utvikling av gingivitt. Bakteriar og mjukt belegg (plakk) som vert liggjande på tanna i kontakt med tannkjøtet, er skuld i at ein utviklar gingivitt (fig. II). Om ein har mykje tannstein, vil det òg kunne medverke til utvikling av gingivitt. Gingivitt oppstår lettast mellom tennene og elles der det er vanskeleg å halde reint.


Korleis kan ein hindre gingivitt?
Gingivitt er ein reversibel tilstand, og grundig reinhald kan gjere tannkjøtet friskt igjen:


  • Børst tennene grundig med tannkrem morgon og kveld. Det er særleg viktig å fjerne belegget som ligg nærmast tannkjøtet. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når busta begynner å sprike.

  • Mykje plakk og bakteriar samlar seg mellom tennene. Reingjer difor mellom tennene minst ein gong kvar dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. For å kome til mellom jekslane kan ein med fordel nytte ein tanntrådhaldar. Har ein større mellomrom mellom tennene, vil mellomromsbørstar eigne seg best. Desse kjem i ulike storleikar, og ein nyttar dei på same måte som tannstikkarar.

  • Jamleg tannreingjering hjå tannlege eller tannpleiar er òg naudsynt for å sikre friske tilhøve i tannkjøtet. Kor ofte dette bør gjerast, er individuelt og avhengig av kor fort plakk og tannstein vert danna.