EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Tanntrekking eller kirurgisk fjernelse av tann
Det kan vere fleire årsaker til at ei tann må verte fjerna. På grunnlag av ei klinisk undersøking og røntgenbilete kan tannlegen vurdere om ein kan trekkje tanna på vanleg måte, eller om ein må operere den ut. Inngrepet skjer i begge tilfelle med lokalbedøving.

Dersom ein må operere tanna ut, vil ein brette tannkjøtet til sides, fjerne naudsynt kjevebein og dele tanna opp etter behov. Ein avsluttar behandlinga med å reinse såret og setje nokre sting etter behov.

Etter inngrepet:
Når bedøvinga går ut (etter 3–4 timar), kan du oppleve noko smerte i området. Du vil difor få smertestillande tablettar eller resept på smertestillande tablettar med deg.
Det er tilrådd at du tek det med ro dei første dagane etter at tanna er fjerna. Unngå difor hardt fysisk arbeid, trening og liknande i denne perioden. I dagane etter inngrepet kan det kome hevelse, og du kan ha vanskar med å gape.

Komplikasjonar
Alle kirurgiske inngrep medfører ein liten risiko for komplikasjonar. Døme på slike komplikasjonar er forlengd blødingstid eller smertefull etterbetennelse i kjevebeinet.

Når ein får fjerna ei visdomstann i underkjeven, kan ein verte nomen i leppa og halve tunga. Dette skjer svært sjeldan (ved mindre enn éin prosent av operasjonane) og går vanlegvis over av seg sjølv. Ein sjeldan gong kan ein oppleve at å fjerne ei tann i overkjeven fører til at det vert ei lita opning inn til bihola. Du vil i så tilfelle verte informert om dette og få naudsynt behandling.

Generell helse


For å gjere inngrepet så trygt som mogleg er det òg viktig med oppdaterte helseopplysingar. Ver venleg å gje beskjed om:
  • medisinbruk 
  • sjukdomar
  • allergiar
  • unormal blødningstendens
  • tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling 
  • graviditet
  • angst for tannbehandling