EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no
Følsame tannhalsar
Mange er i periodar plaga med ising i tennene. Den vanlegaste årsaka til slike plager er følsame tannhalsar.

Figur I viser ei tann i snitt med normale tannkjøttilhøve. Me ser at tannkjøtet ligg tett inntil tannkrona. Feil bruk av tannbørsten, eller ein betennelse i tannkjøt og tannfeste, kan over tid få tannkjøtet til å trekkje seg tilbake (fig. II). Den blottlagde rotoverflata er ikkje beskytta av emalje og vil ofte vere følsam for kulde, syrleg mat og drikke eller ved berøring, til dømes ved tannbørsting.








figur I
figur II
figur III
figur IV
På lengre sikt kan feil børsteteknikk føre til slitasjeskadar på sjølve tanna (fig. III). Dersom skaden vert djup, kan det verte naudsynt å restaurere tanna med ei fylling (fig. IV).

For å lindre følsame tannhalsar kan du



  • børste varsamt og bruke mjukare tannbørste

  • skylje med fluorskyljevatn dagleg

  • bruke spesialtannkrem mot ising – tannlegen eller tannpleiaren kan gje gode råd om kva type tannkrem du kan nytte

  • ikkje skylje ut tannkremen etter børsting, men la den verke i munnen

  • smørje spesialtannkrem mot ising på den følsame tannhalsen og la den verka på tanna.

  • få behandla tannhalsen med effektiv fluorlakk hjå tannlege eller tannpleiar.

Andre årsaker til ising i tennene:
Djupe eller utette fyllingar, større kariesangrep og sprekkar i tennene kan òg føre til ising. Ofte vil tannlegen kunne løyse problemet ved å leggje ei tett fylling i tanna. Dersom nerven er for skada, kan det vere naudsynt å rotfylle tanna først.